SKI OG LØYPER I STORDAFJELLET
SKI OG LØYPER I STORDAFJELLET
Dei siste vintrane har snøtilhøva i Stordafjellet svinga mykje. Frå periodar på 2-3 dagar til fleire veker med flott skiføre. Førre vinter var noko variabel for skigåing i Stordafjellet. Mest stabilt, naturlegvis, var det, og er vanlegvis, på Heio og oppover i Kvelve. Lysløypa ved Fjellstova / Lundarstøl er god når det er nok snø. Men nokre stader tinar snøen fort i mildver. Innerste delen kan ha snø to-tre veker lenger enn ytterste delen.
Lysløypa vert uansett flittig brukt av skigåande stordabuar og tilreisande. I gode spor og i godt lys kan ein vinterstid ha flotte opplevingar i lysløypa. Turar i lysløypetraseen er elles eit flott supplement til andre lokale trimmestader.
Me ber om at fotgjengarar og hundar finn andre turvegar enn lysløypa når det er kjørt skispor. Opplysningar om sporkjøring og renn vert utlyst på heimesida stordski.no og på skigruppa si facebookside.
Både lysløypetraséen og skitraséane elles vert kvar haust rydda for kratt og buskar, og grus vert kjørt på. Litt drenering vert også utført. Dette er skigruppa forplikta til i avtalen med grunneigarane i Lysløypetraséen.
Grunneigarane har ein førsterett til bruk av skogsvegen heile året, også når det er kjørt spor. Dette må respekterast av alle. Allemannsretten gjeld i området, men det medfører også plikt til ikkje å påføra naturen nemneverdig skade.
Så snart snøen kjem vert det kjørt skispor i Lysløypa, gjerne fleire gonger i veka. Det vert også kjørt spor i traséane oppover til Heio og Steinen.
Ei ny grøftereinsking og drenering av vassløp langs Lysløypa vart gjort i 2020 og 2022 Nokre lysarmatur vart også skifta ut. Ei større oppgradering, med utskifting av heile lysanlegget står på ynskelista.
I 2012 vart det kjøpt inn ein heilt ny løypemaskin. Det var mogleg etter ein vellukka innsamlingsaksjon i regi av skigruppa. Mange firma, organisasjonar og andre stilte små og store summar til rådvelde. Me er svært takksame for denne støtta. Me samarbeidde også med Stord kommune.
All rydding, løypedrift og løypekjøring vert utført på dugnad av ivrige skigruppemedlemmer. Det utgjer fleire hundre timar pr. år. Større arbeid, som grøfting og drenering, vert gjort med innleigte maskinar. Dette medfører store kostnader. Også drivstoff til løypemaskinen og andre driftsutgifter (forsikring, service, reparasjonar) gjer at skigruppa stadig treng inntekter. Og ikkje minst når me får gang i gang ynskjeprosjektet BETRE TILKOMST TIL HEIO.
Samla lengd på heile løypenettet er over 15 kilometer. Sjå kart ved lysløypa.
Du som privatperson har alltid høve til å gi din "skjerv" til skigruppa. Ved å betala inn ein sum, stor eller liten, bidreg du til god drift av skigruppa, og til raskare realisering av planane framover.
Midlane som kjem inn går uavkorta til drift av skigruppa.
Kontonummeret er 3520 68 47016
Du kan også VIPPSA til Stordski 132587
Skigruppa i Stord Idrettslag er takknemleg for all støtte.
Informasjon elles frå Stordski finnest på Heimeside: stordski.no og FB.
Morten Føyen leiar Bernt Øyvind Vad løypesjef