Arego
kw:!support_us

STORDSKI - PLAN OG AKTIVITETAR

 

Skigruppa sine tilbod er:

- Ungdomsavdelinga har fellestreningar, sosiale tilskipingar, reiser til renn og mykje anna på programmet.

- Senior- og veterangjengen har felles rulleskitrening, og fellesreiser til store renn både i  inn- og utland.

- Løypekjøring i lysløypa ved Lundarstøl og elles i Stordafjellet, i løyper som måler over 20 km til saman.

- Dugnader i løypetraséane i rulleskiløypa i Prestagardsskogen, i lysløypa og på Heio.

- Medlemskveldar, smørekurs, rabattordningar, klubbdrakter m.m.

- Heimeside - stordski.no - medlemsinfoen Skinytt   og Facebookside

- Tysdagstrimmen   -   10 treningsløp kvar haust frå Vabakkjen.

- Vil du vera med i denne fellesskapen, så melder du deg inn i skigruppa.

- Betal kr 300,- til kontonummer 3520 68 47016   så er du med !   Oppgi namn,           adresse,    f.dato og e-postadresse.  Vipps 132587

Hjarteleg velkommen i eit godt skimiljø !

Du kan også støtta skigruppa med anna innbetaling, utan å vera medlem 

 

Helsing Skigruppa

Morten Føyen                                      Øyvind Gaute Berg 

leiar i skistyret                                     ungdomsleiar/trenar

tlf 930 06 658                                                 tlf 402 49 915

 

 

Plan  for Skigruppa, Stord IL  År:  2024-2025                    Januar 2024

Denne planen er eit mål- og styringsdokument for skigruppa. Den skal vera hovudrettesnora for arbeidet i skigruppa og skistyret den aktuelle perioden spesielt, og også dei følgjande åra.  Revidering skal skje årleg, med framlegging  på årsmøtet, etter forutgåande styrehandsaming.

Den skal fungera til beste for medlemmene og andre skiinteresserte.   

  1. Mål

Skigruppa si målsetjing er å arbeida for  

 - Skiaktivitetar for allmenta og aktive skiløparar.

 - Barmarkstrening (t.d. tysdagstrim), rulleski, langrenn og slalåm.

 - Konkurransesesong på rulleski, langrenn og slalåm.

 

  1. Anlegg

Skigruppa utviklar og held ved like anlegg for aktive skiutøvarar og for alle andre som ynskjer skiaktivitet.

 

Eksisterande anlegg,  drift og vedlikehald, med oppgradering.

 - Helsesportløypa i Prestagardsskogen: - alminneleg vedlikehald.

Laga dugnads- bruks og utviklingsavtale med eigaren Stord kommune, i samråd med hovudlaget i Stord IL. Sikring av området rundt rulleskitraséen, for auka sikkerheit og styrt kryssing.

 

 - Lysløypa ved Fjellstova: alminneleg vedlikehald i samsvar med avtale med grunneigarane; rydding og stell av den til ei kvar tid eksisterande lysløypetraséen, inkl armen på vel 400 m til Kraftstasjonen på Lundsseter. Arbeida med oppgradering og renovering. Samarbeida med grunneigarar, Friluftrådet Vest og eventuelt andre.  Rehabilitering må inkludera standardheving og noko kurveutbetring. Pluss merking og  skilting.

 - Løypetraséane mot Heio og Steinen: alminneleg vedlikehald; rydding og stell av dei til ei kvar tid eksisterande løypetraséane.

 

  1. Maskinar, utstyr og bygningar.

Skigruppa eig, disponerer, driftar og held ved like maskiner og utstyr for å laga gode tilhøve i løyper og bakkar.

Løypemaskin:

- Avtalar med Stord kommune, revidert og signert  i 2014, inklusiv fullfinansiering, ROS- og HMS-analyse,  regulerer eigarskap, bruk, vedlikehald, forsikring: 

- Hovudansvarleg for drift og vedlikehald: Eitt styremedlem, utpeika av styret.  

- Koordinator løypekjøring: Eitt styremedlem utpeika av styret.

- Midlar til drift, vedlikehald og forsikring av løypemaskin: Styret 

Skihytta og maskingarasje.    

- Drift, vedlikehald, straum og forsikring.  Styret er ansvarleg. 

Utstyr: Mindre treningsutstyr i aktuell bruk; 

- Bruk, vedlikehald og oppbevaring:  Ungdomsgruppa  v/ leiar.  Alpinansvarleg i styret for alpinutstyret. 

  1. Eigne arrangement -

Skigruppa arrangerer aktivitetar, renn og konkurransar til fremjing av skiidretten på Stord.

 - Ranking/treningsrenn ski:   Styret - arrangementskomité - utpeika av styret

 - Tysdagstrimmen:  Styret - i samarbeid med utpeika komité

 - Rulleskirenn: - Prestagardsskogen: Ungdomsgruppa  v/ leiar og arrangementsansvarleg frå styret

 - Alpin - slalom: Styremedlem med ansvar for alpinaktivitetane.

  - Kretstreningssamling  rulleski Prestagardsskogen  - med kretsrenn  Ungdomsgruppa v/ leiar,  styret og krets. 

  1. Deltaking på arrangement

Skigruppa skal gjera kjent og inspirera til deltaking i utanbys renn

 - Terminliste

 - Påmeldingskoordinering

 - Kostnader.  Styret gir signal om støtte.  

  1. Trening

Skigruppa skal gjera kjent og koordinera treningsaktivitetar, og gjera avtalar med trenaransvarlege. Spesielt skal gruppa satsa på auka rekruttering og tilbod til barn og ungdom. 

- Fellestreningar  Barmark og snø.   – Trenaravtalar    - Treningsgrupper   - Treningsstader 

- Treningsleirar  -   Politiattestar

Ungdomsgruppa v/leiar  har faste tider.   Senior- og veterangrupper etter avtale, og informasjon frå senior/veterankoordinator. 

  1. Dugnader

Skigruppa skal koordinera dugnader i skitraséar og andre ski-treningsområde. 

 - Helsesportløypa Prestagardsskogen

 - Lysløypa v/Fjellstova / Lundarstøl

 - Heio og Austrunden 

  1. Økonomi

Skigruppa skal ha eit økonomiopplegg  som sikrar store nok  inntekter til å dekka faste, årlege kostnader.  Prosjekt og arrangement skal ha eigen økonomiplan.

Inntektspostar:

 - treningsavgift - medlemsverving - støttemedlemsskap  - løypeavgift i Lysløypa

 -Løypebidrag frå brukarar av skiløypene

- Sponsing

 - Prosjekt

 - Dugnader

 - Kurs:  skiteknikk og  smørekurs

 - Medlemskveldar 

Gjeld:

Skigruppa v/styret skal ikkje utan særskilt vedtak i styret, og godkjenning / samarbeid med hovudlaget, oppta lån eller påføra skigruppa gjeld av noko slag. 

  1. Medlemmer - treningsaktive

Skigruppa skal tena skiinteresserte personar i alle aldrar.

 - Medlems/treningskontingent:  Frå årsmøtevedtak til full oversikt over medlemmer pr. utgang av året. Rapportera til hovudlaget for medlemsregistrering / bidra til årleg idrettsregistrering for skigruppa sine medlemmer.

 - Informasjon: 

            - Heimeside: stordski.no

            - E-post - medlemsregister med e-postadresse

             - Sosiale media  -  Facebook: ei open,  og ei lukka for ungdomsgruppa

            - Oppslag på tavlene ved Lysløypa og Skihytta.

            - Lokale media: Bladet Sunnhordland og Stord24

- Forsikring/Lisens:      Gi medlemmene informasjon om forsikringar som gjeld/kan gjelda for   skimedlemmer.

- Sosialt:           Sesongavslutning

                        Medlemskveld

                        Premieutdeling m.m

- Utstyrsutlån:   Rulleski - utlån til unge nybyrjarar.

                       

  1. Anna

-hovudlaget                 Ha eit tett og konstruktivt samarbeid med hovudlaget, i samsvar               med regelverk og aktuelle prosjekt.

            -kretsen                      Ha eit tett og konstruktivt samarbeid med Hordaland Skikrets, i                                                    samsvar med regelverk og aktuelle prosjekt.

            -samarbeid andre lag  Samarbeida med andre lag i skifaglege spørsmål og-aktivitetar 

            -årsmelding                 Utarbeida årsmelding for fullført driftsår.

-økonomi/rekneskap   Styra økonomien i gruppa og levera rekneskapsmateriell til hovudlaget/revisor i samsvar med instruks.

            -budsjett                      Utarbeida budsjett for aktuelt driftsår,  i samsvar med regelverk og                                            instruks frå hovudstyret.

            -val                              Planleggja og gjennomføra val på årsmøtet, etter innstilling frå                                                        valnemnd, valt på forutgåande årsmøte,  jfr. eigen instruks.

            -styreevaluering          Årleg eigenevaluering av styrearbeidet i avslutta år.

 DENNE  PLANEN  VART  GODKJENT  PÅ  ÅRSMØTET 4. mars 2024

 

   

 

  

 

                                    nevaluering av styrearbeidet i                                                               avslutta år.