Meny
REKORDTIDLEG SESONGSTART
14.11: Løyper og snø har dessverre regna vekk ! I denne omgang !
Me kan notera rekordtidleg sesongstart i Stordafjellet. Søndag 6. november vart løypene kjørte oppover til og på Heio. Seinare er dei friska opp, og det er gode tilhøve i supert vinterver.
Lysløypa har noko mindre snø, men det er kjørt spor fram til 1 km merket. For dei med gamle ski kan det gåast vidare på eiga hand. Det er meldt om vinterleg ver i fleire dagar framover, så i år har me skikkeleg god tidlegstart på skisesongen.
Sjå elles alle kjekke Facebook-kommentarane.
Innskrivingsboka i Lysløypa er på plass ! Skriv deg inn der, og du er med i trekninga av tre flotte premiar i april 2017.