Arego
kw:!support_us

VM VETERANAR med STORDDELTAKAR

24.03.2014

Deltaking i Master World Cup 23. jan  - 1.febr. Denne gongen gjekk turen til Pillerseetal i Østerrike. Frå Noreg var det 57 deltakande kvinner og menn, og samla deltaking var ca 1100 veteraner frå 31 nasjonar. Vi budde i ein liten landsby, St. Ullrich, som var ein vakker plass omkransa av høge fjell.Frå byen kunne vi gå på ski til skistadion.

Heile arrangementet var som vanleg heilt topp lagt opp med opningsermoni, konkurranser, premiutdeling, bankett og avslutningssermoni. På fridagar var det lagt opp til tur blant anna til byen Salzburg og Hochfilzen skiarena. Dei fleste deltakarane gjekk 3 renn og i tillegg var det stafettar .Noreg hevda seg som vanleg bra. Mine plasseringar var som forventa med 15, 17. og 13.plass på 5, 10 og 15 km. Det vil sei omlag midt i klassa, noko so m eg er bra nøgd med.

Neste år vert MWC arrangert i Russland, i byen Syktyvkar som ligg nord-aust for Moskva. Kanskje fleire av Stord sine skiløparar vil vera med dit. Det vil oss gje både ei sosial og spennande oppleving i fellesskap. Helsing Magne