Arego
kw:!support_us

Vellukka rulleskihelg på Stord

02.09.2015

50 ungdommar møtte til treningssamling på Stord helga 28. - 30. august. Her var det utøvarar frå Bergen, Osterøy, Nordhordaland, Eksingedalen, Voss, Kvam, Stord og Kvinnherad samla til trening, sosialt og konkurranse.

Første treningsøkt vart gjennomført fredag mellom 1830 og 2000. Utøvarane fødd i 2002 og 2003 fekk bryna seg på sirkeltrening i Nordbygdohallen, heile 12 postar med særskilt fokus på generell styrke og balanse. Dei eldste (2000-2001) fekk kunnig vegleiing av Tore Hammer og Sigurd Sandvold til gjennomføring av styreketrening med frie vekter. Fokus her var innlæring av korrekt teknikk og utføring av øvingar med særskilt relevans for skiløparar. Fredagen vart avslutta med Taco til stor gleda for alle.

Etter frukost laurdag morgon, var det tid for første økt med rulleski på beina. Økta vart gjennomført i rulleskianleget i Prestegardsskogen i stilarten friteknikk. I to timar vart det gjennomført hurtighetstrening, teknikk og hinderløype med ski på beina.

Kl. 1230 laurdag var det tid for dagens andre økt. Denne gongen på beina med joggesko på. Det vart gjennomført elghufs i bakke, og både intensitet og innsats var høg. Siste økt laurdag gjekk i klassisk stil med fokus på diagonalteknikk og staking.

Laurdag kveld var alle utøvarar, trenarar og øvrig støtteapparat samla for sosialt samvære og pizza.

Sundag morgon var det tid for siste økt før avslutning med rulleskirenn i klassisk stil kl. 1300.

Det vart utvist svært god innsats under rulleskirennet, og Stord Ski markerte seg med gode prestasjonar, mellom anna klassesiger til Håkon S. Berg, som denne gongen deltok i klassen for 13 åringar.

Resultat, klassevis, finn de her: Resultat klassevis kretsrenn 30.8.15

Oppsummert var det ei svært vellukka helg med skiaktivitet på tvers av klubbane i Hordaland. Takk til alle som har bidratt, både på trenarsida, til dei som har sytt for maten, servering, henting og bringing av utøvarar m.m.