Arego
kw:!support_us

Ungdommens Holmenkollrenn

19.02.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Stord debuterer i Ungdommens Holmenkollrenn:  Simen Engevik stiller i G13  når den uoffisielle noregsmeisterskapen går i Holmenkollen i Oslo i helga 21. og 22.februar. Det skal gåast både 3 km klassisk (l) og 3 km fri (s) Dette er stor stas for både Simen, mor og far, og heile ungdomsgruppa. Stordski ynskjer god tur og lukke til. Kanskje kjem det fleire til frå Stord til neste år?

Kvammasprinten går laurdag 21. februar på Sjusete skisenter i Øystese i regi av Kvam Langrenns- og skiskyttarklubb. Der er KM Sprint innlagt, og frå Stord er Håkon S Berg ( G11) og Jonas Engevik Vørøs (G14) påmeldt og skal gå høvesvis 300 m og 500 m friteknikk.  Vert det nye KM-medaljar til Stord ?

Herresåsen Rundt står på klassisk-programmet søndagen. Det er 10 km for 11-14 åringane, og 30 km for alle andre klassar. Frå Stord stiller både unge og eldre utøvarar.

Stordski kjem attende med resultat så snart dei ligg føre.

RESULTAT: 

Ungdommens Holmenkollrenn

Laurdag: gjekk Simen inn til ein flott 54. plass av over 200 fullførande løparar,   på tida 9.50.  Vinnartida var omlag minuttet betre, og Simen var ikkje nøgd med prestasjonen.  Kanskje skia ikkje var heilt gode? Denne gong kom han bak dei to hordalendingane han oftast slår.   Søndag satsar Simen på ein opptur !

Søndag: God opptur for Simen!  Han gjekk inn til  44.plass ( 228), og vart beste hordalending og nest beste vestlendig.  Nokolunde nøgd vart han, og det var uansett ei flott oppleving for han og fylgjet.  Det frista til ny tur kommande år. Rennet vart dominert av austlendingar, mange av dei frå kjente skiklubbar og gode snøområde.

I KM Sprint på Sjusete tok Jonas Engevik Vørøs sølv i kl G14, like bak heimebanevinnaren.   I G11 tok Håkon Størkson Berg bronse, like bak ein vossing og ein ostring.   Me gratulerer begge medaljevinnarane !!  Flotte prestasjonar !

Herresåsen Rundt.  30 km klassisk. Her deltok fire seniorløparar. I klassen M36-40 vart Jarle Haugland nr. 2 med tida 1.40.10. Øyvind Gaute Berg vart nr. 3 med tida 1.41.23 og Kjell-Inge Engevik vart nr. 4 med tida 1.43.28. Øystein Eide Eskeland deltok i klassen M66-70. Han vart nr. 2 med tida 2.04.11. Også Jonas Engevik Vørøs var på start. Han gjennomførte 7.5 km klassisk på 44 minutt.

Stordski  seier vel blåst til alle som var i aksjon denne helga !