Arego
kw:!support_us

TIDENES IDRETTSHELT Hovudvinnaren vart kåra 7.desember !

26.03.2014

8.desember:  Øystein  Eide Eskeland representerte skigruppa på ein flott måte ved avslutninga av 100-årsjubileet og kåringa av tidenes idrettshelt  på Vikahaugane søndag 7. desember. Han fekk velfortent heider av hovudlaget. 

Vinnaren av Tidenes idrettshelt i Stord IL vart  skeisegruppa sin Kjell Storelid.  Stordski stiller i rekka  av  gratulantar. 

Skigruppa gratulerer også Lars Mugås, som vart  tildelt Kongens fortenestemedalje av ordførar Liv Kari Eskeland.  Mugås fekk medaljen for sitt mangeårige og allsidige engasjement for idretten i Stord.

------------

31. mars: Så kan me GRATULERA  Øystein Eide Eskeland  med tittelen  TIDENES  SKIHELT.  Han vann suverent avstemminga blant Sunnhordland sine lesarar.   Dette er omtalt 26. mars i ein stor artikkel, med flotte bilete av Øystein.   Han går også vidare i avstemminga om tidenes helt i Stord IL. Det vil bli avgjort på slutten av jubileumsåret 2014.

Stordski  sluttar seg til gratulantane og har levert blomar  og diplom til Øystein !

Av dei øvrige kandidatane kom Atle Bjørn Mæhle på andre plass og Bernt Øyvind Vad på tredje.   Les meir i Sunnhordland.no