Arego
kw:!support_us

Suldal og Slettedalen

09.02.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Laurdag 7. februar stilte Jonas og Lina Engevik Vørøs på start i Suldalsrennet på Gullingen.

Jonas gjekk inn til ein fjerdeplass i klasse G-14, mens Lina gjekk eit bra renn i klasse J-10.

Stormen Ole gjorde sitt til at det vart til dels krevjande ver og vindforhold under rennet, men Suldal IL klarte likevel å gjennomføra eit bra arrangement.

 

Søndag 8. februar var seks Stord-løparar på start under det tradisjonsrike turløpet Slettedalen rundt i Sauda.

Kjell Inge Engevik vart raskaste Stord-løpar, då han gjennomførte dei 25 kilometerane på sluttida 1.22,45.  Dette gav han klassesiger i M36-40, og ein åttandeplass totalt av dei ca 50 startande i rennet.

Også  Øystein Eide Eskeland fikk klassesiger i M66-70 med sluttida 1,48,09.  Det høyrer med til historia at dette var skilegenda sin 29. start i Slettedalen rundt!

Også Bernt Øyvind Vad (1,28,30), Dag Kjetil Lægreid (1,33,10), Magnar Hillesdal (1,38,49) og Anders Raunholm (1.39,48) representerte Stord under søndagens renn i Sauda. 

Stordski  gratulerer alle.  Flott !