Sterk Stord-innsats i Holmenkollmarsjen
Stord-løparane hevda seg godt under laurdagens skirenn i Nordmarka med målgang i Holmenkollen.
Stian Engevik stod for den største prestasjonen då han tok ein sterk 6. plass i klassen M35-39. Engevik kjempa om ein pallplass i sin klasse og låg på tredjeplass ved siste passering om lag 2 km før mål.
Holmennkollmarsjen vart vunne av Arne Post frå Team United Bakeries med tida 2.37.42.
Her er tider og plassering for dei lokale løparane:
Stian Engevik Tid: 2.56.35 Plassering: nr. 6 (M35-39)
Jarle Haugland Tid: 3.08.20 Plassering: nr. 26 (M35-39)
Øyvind Gaute Berg Tid: 3.33.02 Plassering: nr. 97 (M35-39)
Kjell Magnar Helland Tid: 3.52.24 Plassering: nr. 131 (M50-54)
Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.langrenn.com/resultater-holmenkollmarsjen-2014.5413781-117466.html