Arego
kw:!support_us

SKIGRUPPA MED NYBYRJARGRUPPE FOR JENTER OG GUTAR

25.08.2014

SKIGRUPPA MED NYBYRJARGRUPPE FOR JENTER OG GUTAR


Etter eit par månaders sommarferie, har skigruppa i Stord il no starta opp at med skitrening for barn og ungdom i rulleskiløypa ved Prestegardskogen idrettsanlegg.


Me har i dag ei treningsgruppe på ca 15-16 gutar og jenter i alderen 8-16 år.
Me ynskjer no og få på plass ei nybyrjar gruppe som vil vera spesielt tiltenkt gutar og jenter i aldersgruppa tredje til femte klasse, men også eldre er velkomne til og få prøva seg på denne fantastisk kjekke sporten!!!  Største del av treninga for nybyrjargruppa vil foregå på rulleski i Prestegardskogen, og på ski i lysløypa på fjellet når me har skiføre.

Har du lyst til og prøve deg her, kan du møte opp til trening på tirsdagar klokka 18-19.00 i Prestegardskogen idrettsanlegg.

Me har nokre  junior rulleski for utlån, sko og stavar må ein ha med sjølv.
For ytterligare spørsmål, ta kontakt med Kjell Inge Engevik på tlf 45493356.