Arego
kw:!support_us

RULLESKISAMLING 2015

27.08.2015 |Odd Stuve Rommetveit

28.-30.august 2015: Ny rulleskihelg for ungdommar frå 13 til 16 år frå mange ulike Hordalandsklubbar. 

Tidsplanen for fredag frå kl 17.00 til søndag til kl 16.40 viser trening, for styrke, teknikk og kondisjon, matøkter og sosialt samver i god blanding, med tillegg av taktikktrening for gode renngjennomføringar. Heile Prestagardsskogen, med hall, rulleskitrase og banar/omgjevnadar vert tatt i bruk. I tillegg vert det løpetur rundt Ådlandsvatnet.

Rennet på søndagen startar kl 13.00.  Litt forbetrande omlegging frå 2014 er gjort for å få eit endå meir kompakt renn, som er ope for alle aldersklassar.

Stordski ynskjer arrangørstaben lukke til:  Imponerande tiltak og like imponerande omgjevnader.