Arego
kw:!support_us

RAULAND OG SAMNANGER

12.03.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Helterennet i Rauland vart i fjor vitja av nær 20 deltakarar frå Stord. Årets renn får også vitjing av fleire frå Stord.  Det er eit nasjonalt renn i klassisk stil, med lengste lengde på 42 km. Elles er det Halvløype, Familieløype, Ungdomsløype og Barneløype. Rennet går laurdag 14. mars.

Krinsrennet Samnangerennet går søndag, også i klassisk stil. Samnanger Il har sine løyper  i områda kalla TOTRÆNA.  Der har dei hatt  løyper nokre år, og er no i gang med utviding.

Stordski ynskjer god tur og lukke til  i Rauland og  Samnanger !

RAPPORT  OG  RESULTAT

Samnanger; 

Samnangerrennet gikk i klassisk teknikk på Totræna vinterpark med to deltakarar frå Stord IL. Lina Engevik Vørøs gjekk i klasse J10, og gjennomførte i fin stil. Jonas Engevik Vørøs gjekk inn til ein god 6. plass i klasse G14.

Rauland;

Seks karar frå Stord angrar ikkje på turen til Rauland denne helga.  I strålande solskin og flotte løyper fekk dei visa seg fram i løypene rundt Rauland, og med innkomst midt i sentrum i den vakre fjellbygda. 

Aller først må Kjell-Inge Engevik nemnast; han gjekk sitt livs langrenn.  Superprestasjon !  Med tida 2.13,57 slo han ringreven Bernt Øyvind Vad med omlag 12,5 minutt, og vart med tida 2.13.57 nummer 11 av 72 i klasse MV 40-44.  Kjempeflott!   Vad vart nr. 9 av 45 i MV55-59. Imponerande det også !

14-åringen  Anders Nøstvåg gjekk Ungdomshelten på 13 km, og kom svært godt frå det. Tida vart 54,00 og 6. plass. Flott prestasjon!

I klasse MV 30-34 stillte to frå Stord; Espen Kyvik 30 / 2.41,36  og Anders Raunholm 35 / 2.47,09.   Gode tider på 42 km !

Alexander Horneland stillte i MS 25-29  og vart nr. 23 av 44 med tida 2.52,46. Flott !  

Stordski seier vel blåst og godt staka !