Arego
kw:!support_us

NYE KLUBBDRAKTAR - KLARE FØR JUL ??

23.10.2014

Nye overtrekksdrakter og  racingdressar er på gang.  Kjell Inge Engevik har, etter klarering i styret, no eit opplegg klart for  kunngjering og bestilling. Han har sendt ut til alle skimedlemmer og andre skivener ein omtale av draktene og dressane.   Me saksar frå hans utsending:

Tilbod om kjøp av klubbdrakt 

Styret i skigruppa har jobba med og fått til ei løysing med klubbdrakt i  Stord IL sine fargar (svart og kvit).

Det er nokre år sidan me hadde dei førre overtrekksdressane, og mange har slete ut eller vakse frå desse.

Det  har og vore ønske om ein eigen konkurransedress.

Me har saman med Sykkel og Sport (Intersport Stord) no fått på plass eigen design som gjeld både overtrekksdrakt og ein todelt konkurransedress.

Begge deler er kvalitetskler frå Swix, og dei blir levert med eigen design for Stord IL.

For at me skal rekke og få kler på plass i god tid før jul, må me be om at dei som har bestillingar, sender desse på mail til underteikna innan utgangen av veke 44.

Desse vil då bli vidareformidla til Sykkel og Sport, som bestiller varene og tar seg av utlevering. Draktene blir betalt til Sykkel og Sport / Intersport Stord ved henting.

Dette er ein god moglegheit til å skaffe seg skikkeleg kvalitetsklede til ein fornuftig pris, og me håpar medlemmene i skigruppa nyttar seg av dette.

Gler oss til og sjå drakten både i konkurranse og til trening. Dette kan vere årets julepresang!!!

Våre drakter vil bli påtrykt sponsormerke frå Engevik byggsenter, W. Engelsen og Sundolitt.  Dette vil gje oss tiltrengte pengar i klubbkassen, i tillegg til rabbaterte prisar på kvar enkelt drakt.

Prisar blir som følger:

SENIOR:

-Swix Star X overtrekksdress  jakke/bukse Herrer/Damer    

Klubbpris 1900,- (ordinær pris 2448,-)

-Swix Nordic X Racingdress todelt unisex 

Klubbpris 1400,- (ordinær pris 1798,-)

JUNIOR:

-Swix star X overtrekksdress jakke/bukse junior   

Klubbpris 1000,- (ordinær pris 1898,-)

-Swix Nordic X Racingdress todelt junior   

Klubbpris 700,- (ordinær pris 1498,-)

 

Mvh

Kjell-Inge Engevik

kjellinge@engevikbyggsenter.no

tlf 45493356

Stordski oppmodar alle interesserte å venda seg til Kjell Inge,  enten med bestilling  eller med spørsmål som gjeld draktane.  Ver snar !  Veke 44 er siste frist.  D.v.s. at 31. oktober er SISTE  FRIST

4.11.14:  Etter ein purrerunde til alle skifolk på siste fristdatoen kom det inn nokre bestillingar til.  Kjell Inge har no sendt avgarde alle bestillingane, og vil gi melding når draktene er komne.  Ros til han for flott prosjekt !