Arego
kw:!support_us

LYSLØYPA og HEIO - FØREMELDING

11.12.2014

 

18. januar 2015 kl 12.00

Lysløypa:  For lite snø til å kjøra spor.  Restar av vindfall og rotvelter, og nedreven lysline.  Reparasjonsarbeid er på gang.

Heio: Slådda i vegen frå Lundarstøl. Kjørte spor frå brua ved Kyviksetra. Gode forhold i alle traseane på Heio

Kvelve og Kattnakken: Flotte snødjupner, og gåandes over alt. Sjå opp for ras-stader!

Lundarstøl: Turlaget disponerer Lundarstøl, men akinga i bakkane er fri, på brukande tilhøve.

Lovande vermeldingar for heile veka !

GOD  TUR  !

 

13. januar 2015  kl  10.00

Lysløypa:  Stengt p.g.a rotvelter over straumlina og vegen. oppryddingsarbeid er i gang.

Heio: Mogleg å gå på ski i vegen oppover, og tildels brukande i traseane oppe på Heio.  Ikkje nykjørte spor.

Kvelve og Kattnakken: Godt med snø, men utfordrande forhold.(vind og byger)

Lundarstøl: Ingen akemoglegheiter.  Kan endra seg dersom snøbyger kjem. .

10. januar  2015  kl  12.00:

Lysløypa: alle skigåingsmoglegheiter er borte.  Kun flekkvise restar her og der.

Heio:  Det er slapseføre i vegen heilt til bommen på øvra Heio.  Vidare i Austrunden og opp mot Steinen er det restar av "gamle"-sålen, der dei ivrigaste kan gå på ski, men i dårlege forhold.

Kvelve.  Nok snø for skigåing, men der vert det ikkje kjørt spor. Det er for vanskeleg tilkomst til at skigruppa sin løypemaskin kjem seg opp.

Lundarstøl: Akeføret er svært dårleg, dessverre.

Vermeldingane for helga 10.-11. januar er dårlege, med mildver og MYKJE vind.

Næraste YR.no -stad for eigensjekk av vermeldingar for Heio er Hetlesæterbrunene.  elles finn me både Kvelve  og Kattnakken på yr.no

4.1.15 kl 11.00

Lysløypa har for lite snø til løypekjøring. All gamal snø tinte vekk.

Aking på Lundarstøl går bra !

Heio har nok snø til skigåing, men har ikkje nykjørte spor.

Kvelve har rikelig med nysnø !

 

2.1.15  kl 09.00

Lysløypa:  Dessverre  er snøen  smelta vekk i Lysløypa.

Heio: Snømengda er redusert, men det er framleis mogleg å gå på ski på Øvra Heio.  Nokre stader er sålen i ferd med å tina vekk.

 

30.12.14 kl 09.00

Lysløypa. Mildvêret tiner sterkt på snøen, men enno mogleg å gå runden. OBS: Nokre stader slår småstein og grus gjennom, så ikkje bruk besteskia.

Heio:  Frå Nedre Heio og oppover er det enno godt brukande. Flekkvis litt lite snø kring Kyviksetra.

 

26.12.14 kl 15.00

Nykjørte spor i Lysløypa, om enn litt lite snø.

Heio vert kjørt på nytt laurdag 27.12. Der er det mykje snø !

 

21.12.14 kl 14.00

Etter nok eit snøfall er løypene på Heio i dag friska opp. Det er grått i veret, men utsiktene i slutten av juleveka og mot nyttår er gode. 

20.12.14 kl 12.00

Nykjørte løyper  frå Kyviksetra til Heio og Steinen, og i Austrunden, bortunder kraftlinene. Flotte forhold. Doble klassiskspor, med skøyteflate i midten.

19.12.14.  kl 13.00

Det er gåande på Heio, om enn litt blaut løype.  Ny kjøring er planlagt tidleg laurdag morgon. Ny melding kjem.

16.12.14  kl  14.00

Dagens utsendte løypekjørar melder om nykjørte løyper på Heio og fine forhold, om enn våt snø. Det er mogleg å gå på ski heilt frå krysset Kattnakkvegen/Lundsetervegen.

15.12.14 kl 17.00:

Det er nykjørte spor på Heio !!  Godt brukande frå Steinen og nedover, i alle fall for "gamleskia".  Dette melder Bernt Øyvind Vad på telefonen frå løypemaskinen. Frå Kyviksætra og oppover er traseen slådda.  Sporsetjinga startar noko lengre oppe.

Me er i siget;  Nykjørte spor i nyopp-pussa trasear ei veke før jul, i gjeldfri løypemaskin. Hurra !

Finn fram hovudløkt og ski for ei kveldstur på ski !!  Du kan gå på ski frå krysset Kattnakkvegen/Lundsetervegen.

 

12.12.14:

Det er kvitt i Stordafjellet !   Kvelve, Kattnakken og Stovegolvet lyser i vintermørket.  Også på Heio og lenger nedover aukar det med våt nysnø.

Kjøring av traseane våre vert vurdert fortløpande.

Så snart det kjem nok snø, vil skigruppa kjøra løypene, og melding vil bli lagt ut på stordski.no  straks maskinen er parkert.

Noteringsboka for bruk av lysløypa er lagt ut i postkassen ved vass-stasjonen.  Stordski oppmodar alle om å skriva seg inn i boka.

Alle innskrivne vert med i ei trekning kring 1. april 2015.