Meny
LYS I LYSLØYPA
23.10.2014
LYSLØYPA ved Fjellstova og Lundarstøl har no fått lyset slått på. Det betyr at trim- og turinteresserte kan få seg ein kveldstrim i roleg skogsterreng, langt frå biltrafikk og andre urbane lydar.
Ta med deg ein ven, kona eller kompis og nyt kveldsturen heilt fram til kl 23.00
Det høver også godt med ein romantisk kveldstur ! Ta din kjære med og nyt skogens ro !
Traseen er rydda for gras og greiner, og er lett og fin å ta seg fram i. Ta gjerne ein rast i gapahuken ved Lundarstøl.
God kveldstur i haustmørket !