Arego
kw:!support_us

Holmenkollmarsjen 2014

07.02.2014

Holmenkollmarsjen vert arrangert 8. februar 2014 (40 år sidan første start) med start i Sørkedalen og mål i VM-løypene i Holmenkollen.

Totalt er løypa 53 kilomter med fleire krevjande stigningar og mange høgdemeter Rennet har status som seeding-renn til Birken og samlar difor mange av dei beste skiløparane på austlandet.

Fjorårets utgåve samla over 6000 deltakarar i den lengste traseen (55 km) og vinnaren vart Eldar Rønning med tida 2.32.

Frå Stord Ski stiller følgjande deltakarar:

Stian Engevik  Klasse M35-39

Øyvind Gaute Berg  Klasse M35-39

Jarle Haugland Klasse M35-39

Kjell Magnar Helland Klasse M50-54

 

Stord Ski ønskjer lukke til!

 

Rapport frå Oslo fredag kl 14.00:  

Har nett vore og gått i Holmenkollen. Skikkeleg vestlandsvær, men ser ut til å bli voksføre i morgon. Mykje nysnø meldt i natt og då er nok klister litt skummelt. Det var ikkje sett spor i morgendagens trasé enno.  

Stor forskjell på snøen i Holmenkollen området i forhold til det som er ut mot Ullevålseter. Mvh Kjell Magnar Helland