Arego
kw:!support_us

Heidersmerke til skifolk !

02.04.2014

På årsmøtet til hovudlaget tysdag 8. april kl 19.00 på Vikahaugane vil mange frå skigruppa få sitt heidersmerke.  Det vert både bronse- sølv- og gullmerkeutdeling.  

Heidersmerkeutvalet har hatt til vurdering dei kandidatane som skigruppa sendte innstilling på i vinter. Alle er funne verdige i samsvar med innstillinga. 

Skigruppa har i fleire år ikkje prioritert heidersmerkeinnstillingar,  så årets utdeling er ei slags oppsamling.  Men alle er framleis med i ein eller annan funksjon, så det er  på tide og høgst fortent.  Det gjeld alle !

Stordski gratulerer,  og kjem tilbake til namna etter årsmøtet.

 

Etter årsmøtet

kan me konstatera at alle innstilte fekk sine heidersmerke. Hovudlagsleiar Magne J Mikkelson delte ut merka, og refererte til grunngjevingane:  Dei var slik:

Bronsemerket.

Magne Løvtangen   Han har ein over 30-årig historie i skigruppa, både som trenar, utøvar, dugnadsdeltakar, styremedlem og miljøskapar. Han har høg trenarutdanning, og er fagleg svært dyktig innan skiidrett. Han har vore trenar for unge, ungdom og skikollegaer/veteranar. Han er framleis aktiv, og har representert Stord i svært mange renn, både innanlands og utanlands. Han har i mange år representert Stord i veteran-VM, seinast i februar 2014 i Østerrike.  

Wilhelm Engelsen   Han har vore aktiv i skigruppa i omlag 20 år, både som utøvar, styremedlem, dugnadsdeltakar, reiseleiar og inspirator. Som utøvar har han med hell representert Stord i mange renn, både innanlands og utanlands. Han har fleire merke i Birkebeineren, fleire deltakingar i VM for veteranar, deltakingar i Vasa-loppet, Marcialonga, Svalbard skimaraton og fleire. I mange av desse tilfella har han vore reiseleiar for større grupper. Lokalt har han vore ivrig i skigruppa sitt dugnadsarbeid, og fungert som inspirator og vegleiar for kollegaer i skifaglege spørsmål. Han har vore styremedlem i fleire år, og var sentral i arbeidet med ny løypemaskin.

Audvald Kvamme Han har vore ein svært viktig person for skigruppa i ein mannsalder. Han har vore i styret, også som leiar, vore aktiv sjølv, vore med i trenargruppe for ungdom, deltatt på dugnader, medarrangert mange renn (ski, rulleski og skiskyting) , vore viktig administrator og iherdig pådrivar for anleggs- og utbyggingsprosjekt (Lysløypa ved Fjellstova og Helsesportløypa i Prestagardsskogen) Han er framleis med på fleire av desse felta. Han har også ei god merittliste frå andre grupper, spesielt svømming og orientering. Han har vore og er framleis med i hovudlaget sin kontrollkomité.

Magnar Hillesdal Han har voresentral i skimiljøet i over 20 år, både som utøvar, dugnadsarbeidar, løypekjørar, styremedlem og rådgivar. Han har i årevis deltatt i og hevda seg svært godt i mange lokale, regionale, nasjonale og internasjonale renn. Han er framleis ivrig i veteranskimiljøet, seinast med flott prestasjon på Rauland i februar 2014. Han var kasserar i skistyret i fleire år. Han er fast mekanikar på løypemaskinen, og ein av skigruppa sine mest sentrale løypekjørarar, med fagleg nyskolering i 2013. Han har også mangeårig og allsidig bakgrunn frå Orienteringsgruppa.

Johannes Haugland Han har vore samanhengjande med i skimiljøet på Stord sidan 60-talet, og er framleis med. Han har vore utøvar, treningsmedarbeidar, miljøskapar, dugnadist og inspirator. Som utøvar i unge år hevda han seg godt. Som forelder ivra han for dei unge og bidrog sterk i trenargjengen for det gode miljøet på 80-talet. Som veteran er han fast på dugnader og elles i skimiljøet. Han er av dei som har flest deltakingar i skigruppa sin Tysdagstrimmen.

Bernt Øyvind Vad Han er fødd med ski på beina, og har dei på enno. Ivrig og stilfull utøvar frå han var 10 år til dags dato. Han har hevda seg øverst på resultatlistene i alle år, frå lokale renn på heimebøen til fleire renn i utlandet, seinast med utanlandsrepresentasjon i 2014. Han har vore i styret i mange år, også som leiar, og er framleis styremedlem. Han har vore sentral i svært mykje planleggings- og dugnadsarbeid, og har nytta sin store ski- og løypefaglege kompetanse til beste for skiidretten på Stord i over ein mannsalder. Han var ansvarleg for innkjøpet av ny løypemaskin, og er koordinator for all løypekjøring.

Atle Bjørn Mæhle Han har vore med i skiidretten sidan han kom til Stord på 70-talet, både som utøvar, forelder, trenar, inspirator, styremedlem, leiar, dugnadskar og ikkje minst som forfattar av jubileumsboka i 2013. Som utøvar var han særs god, inntil skade stoppa vidare karriere. Han var i mange år med som forelder, trenar og reiseleiar for ungdommar. Han har vore svært sentral i fleire planleggings- og utbyggingsprosjekt / løypetraséar, mykje av dette i den tida han var styreleiar og styremedlem frå 1982 til 2014. Han har fungert som flott bindeledd mot kommunen. Han gjorde eit særs flott og omfattande arbeid som hovudansvarleg for jubileumsboka Skisport i havgapet. Han har også ytt gode bidrag i andre idrettssamanhengar, bl.a. handballgruppa.   Han fortener mykje høgare utmerking enn bronsemerket.

Sølvmerket

Øystein Eide Eskeland Han har vore samanhengjande med som god skiutøvar sidan han var 10 år. Han er framleis med, på godt veterannivå. Han har vore bindeleddet mellom oppgangs- og nedgangstider for skiidretten på Stord. Han har hundrevis av dugnadstimar bak seg, og er blant dei friviljuge og gratisarbeidande løypekjørarane i gruppa. Han er av dei med flest Tysdagstrimmen- deltakingar. Han fekk bronsemerket i 1987. Han har også årelange prestasjonar å visa t il frå friidretten. Han har vore trugen Stord-medlem i alle år.

Oddmund Roalkvam  Han fekk bronsemerket i 1986. Sidan den tid har han vore aktiv i ski, orien-terings- og friidrettsmiljøet i Stord.For skigruppa kan han syna til årvisse gode prestasjonar i nasjonale og internasjonale renn. Han har tatt merket i Birkebeineren fleire gonger og fått utmerkinga Superbirkebeiner nokre år. Han hevdar seg på nasjonalt topp-plan i sin aldersklasse . Dette gjeld også innan sykkelsporten. Han er stødig som dugnadist i løypearbeid, inspirerer og gir faglege råd til kollegaer. Både friidretts- og o-gruppa kan gi meir opplysningar for ny utmerking.  

Gullmerket

Per Steinar Lunde Han fekk bronsemerket i 2009 og sølvmerket i 1994 ! (rar rekkefølge, men det står slik i oppstillinga på hovudlaget si heimeside). Han har halde fram med ymse arbeid for idretten. For skigruppa er han framleis hovudperson for Tysdagstrimmen, både i planlegging, utføring og oppfølging/statistikkføring. Han har samla arkiv for skigruppa for fleire tiår bakover. Han var i 2013 sterkaste bidragsytar til skiboka Skisport i havgapet, utanom hovudansvarleg Atle Bjørn Mæhle.