Arego
kw:!support_us

Bergsdalen opp med deltaking frå Stord

10.06.2014

7. juni vart Bergsdalen opp arrangert for tredje gong. Arrangementet er eit samarbeid mellom Dale IL, Bergsdalen UL og Voss Sykleklubb. Det er høve til å delta i kategoriane rulleski (klassisk og skøyting), løping og sykling. Start er i Dale sentrum og mål på Starefossen etter 4 km med gjennomsnittsstigning på 10 % (400 høgdemeter).

Simen Engevik (G12) og Håkon S. Berg (G10) tok den tøffe utfordringa og stilte til start i kategorien rulleski fristil. I tillegg deltok Øyvind Gaute Berg (M35-39) i rulleski klassisk og Frank Breistein (M60-65), også han i rulleski klassisk. Øystein Eide Eskeland (M70) deltok i løpet.

Her er resultata til stordløparane:

Håkon S. Berg       4 km fristil (400 høgdemeter)    Tid: 44.44

Simen Engevik       4 km fristil                                  Tid: 26.08

Øyvind Gaute Berg 4 km klassisk                            Tid: 22.04

Frank Breistein        4 km klassisk                            Tid: 33:52 

Øystein E. Eskeland 4 km løp                                   Tid: 30:34