ÅRSMØTE 2015
ÅRSMØTE i Skigruppa
måndag 2. mars 2015 kl 19.00
i kantina til Podlen Verkstad i Hatlandsmyro 7 på Heiane.
Det vert vanleg årsmøtesaker, med årsmelding, rekneskap, val, innkomne saker og kontingentfastsetjing. Valnemnda har klar si innstilling.
Etter årsmøtet vert det høve til diskusjon og ideutveksling om ymse skitema.
Lett servering !
Styret ynskjer alle skimedlemmer velkomne !
Styret sitt framlegg til "Årsmelding for 2014" vil bli utsendt i SKINYTT nr 2 - 2015 i løpet av veke 9.
Velkomne til årsmøtet !
REFERAT FRÅ ÅRSMØTET :
STORD IL SKIGRUPPA
REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 2. mars 2015, kl. 19.00 i Podlen Verkstad, Hatlandsmyro 7 Heiane, Stord
Til stades: heile styret, med unntak av varamedlem Lars Åge Førland, som hadde meldt forfall grunna arbeid. I tillegg møtte valnemnda ( Audvald Kvamme og Atle Bjørn Mæhle), Stian Engevik og Vebjørn Lien (12 stk.)
Saker:
Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under årsmøteprotokollen.
Leiaren opna årsmøtet, og vart deretter valt til ordstyrar.
Øyvind Gaute Berg vart valt til referent. Kjell-Inge Engevik og Erling Tyse vart valt til å signera årsmøteprotokoll.
- Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.
Årsmøteinnkalling og dagsorden vart godkjent utan merknad.
Årsmelding 2014.
Årsmeldinga er sendt ut til alle medlemmer digitalt før årsmøtet.
Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga, punktvis. Det var ingen merknader til årsmeldinga og denne vart godkjent av årsmøtet.
- Rekneskap 2014.
- Leiaren gjekk gjennom rekneskap for 2014. Rekneskapen syner eit overskot stort kr 14 126,86 etter avskriving.
Det vart stilt spørsmål til kostnadane til revisjon til hovudlagets revisor KPMG (7 500 per år). Det kom forslag frå årsmøte om at dette vert teke opp under årsmøte til hovudlaget (nærare avklaring om fordelingsnøkkel m.v.)
Innspel til styret frå årsmøte; bør det vurderast at delar av bankbehaldninga vert plassert i sikre fond grunna låg rente og inflasjon per i dag?
Rekneskapen vart godkjent utan merknader av årsmøtet.
- Budsjett 2015.
Leiaren gjekk gjennom utkast til budsjett for 2015.Budsjettet vart godkjent av årsmøtet utan merknad.
- Fastsetjing av treningskontingent 2015.
Leiaren la fram forslag frå styret om å vidareføra fastsett treningskontingent for 2014 i 2015. Forslaget vart vedteke av årsmøtet.
- Godkjenning av Mål- og styringsplan 2015.
Mål- og styringsplan er sendt ut medlemmene digitalt før årsmøtet. Planen vart godkjent av årsmøte utan merknad.
- Innkomne forslag. Sjå Skinytt nr 2-2015
8.1 Heio Oppgradering av Heio som arena for skiidretten, i lys av snøforholda. Årsmøte gav styret fullmakt til å vurdera nærare alternativet Heio for seinare framlegging for årsmøte, eventuelt ekstraordinært årsmøte. Forslag til gruppesamansetjing: Bernt Øyvind Vad, Kjell-Inge Engevik,Stian Engevik, Odd Stuve Rommetveit og Audvald Kvamme.
- Val av gruppestyre. a) Leiar: Odd Stuve Rommetveit vart valt for ein ny periode på 1 år av årsmøtet b) Styremedlemmer: Kjell Inge Engevik Valt for to nye år. Sigurd Sandvold valt for to nye år. Bernt Øyvind Vad Valt for to nye år.
Desse styremedlemmene stod ikkje på val i år: Øyvind Gaute Berg, Solbjørg Birkeland Olsen og Erling Tyse. Varamedlem Lars Åge Førland stod ikkje på val i år. Kasserar Odd Stuve Rommetveit stod heller ikkje på val i år.
- Val av valnemnd for 2016
Valnemnda vart av årsmøte vidareført med same samansetjing: Audvald Kvamme og Atle Bjørn Mæhle.
Stord, den 2. mars 2015
Referent : Øyvind G Berg Rett referat: Kjell-Inge Engevik Erling Tyse