Arego
kw:!support_us

AKTIVITETSDAG

04.11.2014

Stord IL held fram med si 100-årsfeiring.  Laurdag 8. november vert det AKTIVITETSDAG, og dei ymse gruppene vil visa seg fram ulike stader på Stord.  Lysing om dette har stått og kjem på ny i Sunnhordland.

Skigruppa er tildelt Heiane laurdag kl 13.30,  saman med orientering og skeise.  Skigruppa ved leiar i Ungdomsavdelinga, Stian Engevik, har gjort naudsynte avtalar  med Stein Bråthen i Sykkel og Sport. Der vil basen vera for alle tre gruppene.  Det vil bli både idrettsleg framvising og noko å bita i. Kanskje vil nokon prøva rulleski for fyrste gong ?

Me vonar mange vil møta fram og visa interesse for idrettslaget si 100-årsmarkering. 

Me saksar frå Sunnhordland nettutgåve fredag 7. november:

 

Ungdomsleiar Stian Engevik skal visa folk korleis det er å stå på rulleski på Heiane laurdag føremiddag. Her med sonen Simen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Stord IL med stormønstring:

Fyller sentrum med aktivitetar

Viss du skal til Heiane eller Leirvik laurdag, vil du garantert møta nokre av gruppene i 100-årsjubilanten Stord IL.

 Her skal folk få prøva sjølv korleis det er å trena med skeisegruppa. I tillegg er det lagt opp til o-løp på Heiane, og testing av rulleski. 

Men det er ikkje berre på Heiane Stord IL riggar seg opp. I løpet av føremiddagen laurdag er fotballgruppa på plass på Torget på Leirvik. Der blir det triksekonkurranse for alle aldersgrupper. Friidrettsgjengen har peikt ut Bytunet i sentrum, medan handballgruppa har konkurranse på Amfi Stord. 

Der blir det kåra kven som kan skyta hardast på Stord. 

 

På Heiane storsenter blir det oppvisning av turngruppa. Neste felles  jubileumsopplegg vert samstundes med turngruppa si tradisjonelle oppvisning på Vikahaugane  søndag 7. desember.

Frå O-gruppa si heimeside stordo.no  saksar me:  

Aktivitetsdag på Heiane

08.11.2014

I forbindelse med 100 års jubileet til Stord IL blei det arrangert aktivitetsdag på Heiane og på Vikjo. Orienteringsgruppa hadde ei lita o-løype med start/mål ved Sykkel og Sport på Heiane. Skigruppa og skeisegruppa holdt til på same plass. Det var desverre litt dårleg vær noko som nok førte til at det ikkje var så mange som kom og ville prøve dei ulike aktivitetane. Gjengen i skigruppa fekk prøvd seg som ski-orienterarar, kanskje me kan prøva å få til eit skikkeleg ski-orienterings løp til vinteren om det blir bra med snø?
Takk til dei gode hjelpararane Guro, Martin, Stian og Tonje!