Arego
kw:!support_us

LYSLØYPA: LYS og NOTERINGSBOK

 

12. mars 2021:  LYSET  ER  SLÅTT AV 

Ein svært god sesong i Lysløypa er avslutta, etter nær to månader med godt skiføre.

12. november 2020:  LYSET ER SLÅTT PÅ !  

Då har alle endå eit lysløypetilbod for trim og trening.  Runden er i overkant av 4 km i roleg skogsterreng.   Ingen lydar frå bilar eller båtar.  Men kanskje eit hjortebrøl?

Postkassen like ovom vass-stasjonen har innskrivingsbok.    Med ditt namn i boka er du med i ei trekning i april 2021.  Me trekkjer tre vinnarar av gåvekort a kr 400,-  i ein lokal sportsbutikk.  Skriv deg gjerne inn kvar gong du går i lysløypa !!  Det aukar vinnarsjangsane.

Skigruppa betalar straumrekninga sjølv. Også nye lyspærer må skigruppa syta for.  I haust har me grove og drenert litt på stader med væte. Litt sørpete her og der, men det vil komma seg. Innleigt graemaskin kostar skigruppa fleire tusen kroner. 

Me set pris på bidrag til STORDSKI.  Vippskonto  1 3 2 5 8 7,  stort eller lite, men uansett frivillig.

 

 

28.2.19:  Snøen er borte frå Lysløypa, og lyset er slått av  for sesongen. 

Det har kosta Skiguppa ekstra kroner med straum i år, sidan straumprisen har vore rekordhøg. Etter eit skuffande avslag frå Stord kommune om overtaking av straumabonnementet frå hausten 2018 måtte me finna andre løysingar. Stor takk,  derfor, til gode løypebidrag frå ivrige skigåarar og velviljuge "straumsponsorar".  Me har kunna hatt lyset på med godt samvit.  Straumsponsorane har fått sine firmaskilt sine på fleire av pålane, og dei vil stå der vidare.

Innskrivingsboka i postkassen like ovom vasshandsamingsstasjonen låg til siste mars. Tre vinnarar er trekte ut, og det vart denne gong tre kvinner frå Stord.

 21.12,.18:  LYSET er kobla på. Det kjem på ved skumring og slår seg av kl 23.00 kvar kveld. Alle armaturane er fiksa av skigruppa, på dugnad i desember.

Noteringsbok for innskriving etter tur i lysløypa eller i fjellet elles er på plass i postkassen like ovom vass-stasjonen.  Skriv deg inn med namn og telefonnummer, og bli med i ei trekning av tre premiar i april 2019.