Arego
kw:!support_us

FØREMELDINGAR LYSLØYPE OG STORDAFJELLET 2026

2026:  SKI og FOT i STORDAFJELLET

For ukjente og tilreisande: 

Tilgang til Lysløypa, Lundarstøl og Heio og vidare innover i Stordafjellet  skjer slik:

Begge alternativa tar utgangspunkt i E39, retning nordover.

1      Langs E39, ved krysset / avkjøringa mot Leirvik kjører du vidare, over brua ved utløpet av Ådlandsvatnet. Etter ein liten kilometer ser du skiltet  Fjellgardane. Kjør av til venstre der, og vidare oppover om lag 5-6 kilometer til T-kryss med skilt til Lundsseter/Fjellstova. 

2      Kjør til der E 39 møter vegen til/frå Rommetveit / Høgskulen HVL og  Fjellgardane. Kjør av E 39 mot sør (høgre)  og straks vidare skarp sving til høgre, direkte  under E 39 og vidare oppover 3-4 km.

Begge desse avkjøringane frå E 39 fører til krysset med skilt til Lundsseter. Følg denne vegen 4-5 km så er du ved Lysløypa/Fjellstova og stor parkeringsplass. Vidare kan du kjøra til endes på Fjellgardsvegen til ein kraftstasjon.

På oppslagstavler ser du kart og omtale av løypenettet til Stordski.  

Etter 1. april / i heile sommarhalvåret kan du kjøra heilt opp til Heio, på Kattnakkvegen, utan bompengar. Frå november 2026 til ut mars 2027 vert vegen igjen stengt for bilkjøring.