FØREMELDINGAR LYSLØYPE OG STORDAFJELLET 2025
2025: 1. februar
VINTEREN VARIERER. DET ER VARIERANDE KVITT DEKKE I STORDAFJELLET. FØREMELDINGAR kjem så snart det er nytt å melda.
For ukjente og tilreisande:
Tilgang til Lysløypa, Lundarstøl og Heio - Stordafjellet skjer frå E 39 ved skiltet Fjellgardane, ein liten kilometer nord for krysset til/frå Leirvik.
Alternativt i Førlandskrysset. Det er der E 39 kryssar vegen frå Rommetveit / Høgskulen HVL til Fjellgardane. Kjør av E 39 mot sør og straks vidare skarp sving til høgre, direkte under E 39 og vidare oppover/nordover.
Begge desse avkjøringane frå E 39 fører til krysset med skilt til Lundsseter. Følg denne vegen omlag 3 km så er du ved Lysløypa/Fjellstova og stor parkeringsplass. På oppslagstavler ser du kart og omtale av løypenettet til Stordski.