MEDLEMSKONTINGENT OG TRENINGSAVGIFT
MEDLEMSKONTINGENT og TRENINGSAVGIFT i STORD IDRETTSLAG
Stord IL er eit fleir-idrettslag, med eitt hovudstyre og fleire tilknytta grupper.
For medlemsskap betyr det at hovudlaget, dvs STORD IDRETTSLAG krev inn ein årleg medlemskontingent frå alle som er innmeldt frå/via gruppa/ene. Når kravet frå hovudlaget er betalt er du medlem i STORD IL.
Krav om årleg treningsavgift sender gruppene ut sjølv. Krav vert sendt til alle som på ein eller annan måte er med i trenings- og/eller konkurranseaktivitet i regi av eller lagt til rette for av gruppene. Også generell interesse for skiidrett kan vera grunnlag for å betala treningsavgift til skigruppa.
Treningsavgift må betalast til alle gruppene ein er med i. Betaling av kun treningsavgift er ikkje nok til å bli medlem i STORD IL.
SKIGRUPPA - STORDSKI
sine gjeldande satsar for treningsavgift, sist fastsett på årsmøtet 2. mars 2026, er
kr 300,- pr. person og kr 100 i tillegg pr. familiemedlem.
Innbetalinga må skje til konto 3520 68 47016 eller til Vippsnr 132587
Merk kven innbetalinga er frå / gjeld for.
Alle som var registrert med innbetaling for 2025 vil få ei oppmoding om innbetaling for 2026. Krav er under utsending f.o.m 11. mars 2026.
Om nokon ikkje får krav, kan likevel innbetaling skje etter ovanståande opplysningar.
Spørsmål om kontingent /avgift kan rettast til kasserar tlf. 901 63 598






