27.1. Italia: Marcialonga 2018
Stordski stiller med 6 veteranar i 2018-utgåva av langløpet - 70 km - i Val di Fiemme i Italia. 70 klassiske km i vakkert italiensk landskap søndag 28. januar
. Nyttar du linken http://cdn.marcialonga.it/DSE/62274/marcialonga-2018-next-january.php
kan du finna Dag Kjetil Lægreid, Hallgeir Matre, Bernt Øyvind Vad, Magnar og Anne Grete Hillesdal og Kjell Magnar Hillesdal på "starting list" Eksilstordabuen Jan Sævig er med i PWT-følgjet.
På startlista står mange andre nordmenn, deriblant fleire tidlegare skistjerner. Bjørn Dæhli er ein av dei.
Stordski ynskjer god tur: Resultat og rapport, skreven av Hallgeir Matre:
"""Veterangjeng til Marcialonga
- 70 km skirenn i Italia
Gjengen har vore 4 dagar på flott tur til Italia for å gå på ski. Seiser Alm og Val di Fiemme er kjende skistader, som fekk besøk av denne 7-ar gruppa. (Jan Sævig, eks stordabu tok biletet) Høgdepunktet var likevel Marcialonga-rennet, langt og flott mellom Dolemitane gjennom 12 landsbyar med liv og røre. Den siste motbakken opp til Cavalese og vidare inn til mål i dei smale middelaldergatene, var hard, men fantastisk. Veret glimta til og føret var godt. Siste deltakar i mål vart markert med eit gigantisk fyrverkeri, ei storslagen oppleving for å visa at det aller viktigaste ikkje er å vinna, men å delta. Her er resultata etter god trening gjennom siste året."""
Tidene for "våre" vart; Totalplasseringa i ( )
- Magnar Hillesdal 4.26.23 (1321) – Årsklasse 60–69
- Bernt Øyvind Vad 4.30.26 (1417) – 60–69
- Kjell Magnar Helland 4.38.42 (1626) – 50–59
- Hallgeir Matre 4.41.48 (1689) – 60–69
- Dag Kjetil Lægreid 4.49.13 (1862) – 50–59
- Jan Sævig (Trysil) 4.55.14 (1975) – 60–69
- Anne Grete Hillesdal 7.23.54 (4743) – 60–69
Over 8000 gjekk rennet.
Avisoppslag i Sunnhordland: www.sunnhordland.