Arego
kw:!support_us

LYSLØYPA: LYS og NOTERINGSBOK

28.2.19:  Snøen er borte frå Lysløypa, og lyset er slått av  for sesongen. 

Det har kosta Skiguppa ekstra kroner med straum i år, sidan straumprisen har vore rekordhøg. Etter eit skuffande avslag frå Stord kommune om overtaking av straumabonnementet frå hausten 2018 måtte me finna andre løysingar. Stor takk,  derfor, til gode løypebidrag frå ivrige skigåarar og velviljuge "straumsponsorar".  Me har kunna hatt lyset på med godt samvit.  Straumsponsorane har fått sine firmaskilt sine på fleire av pålane, og dei vil stå der vidare.

Innskrivingsboka i postkassen like ovom vasshandsamingsstasjonen låg til siste mars. Tre vinnarar er trekte ut, og det vart denne gong tre kvinner frå Stord.

 21.12,.18:  LYSET er kobla på. Det kjem på ved skumring og slår seg av kl 23.00 kvar kveld. Alle armaturane er fiksa av skigruppa, på dugnad i desember.

Noteringsbok for innskriving etter tur i lysløypa eller i fjellet elles er på plass i postkassen like ovom vass-stasjonen.  Skriv deg inn med namn og telefonnummer, og bli med i ei trekning av tre premiar i april 2019.