Medan me ventar på vinteren

Det er haust og ny ski-vinter er i vente i Stordafjellet. Men ikkje gløym at løypenettet byr på flotte turar ikkje berre på vinterstid.

  • Lysløypa v/Fjellstova: Flott tur og joggerunde på vel 4 km 
  • Lundarstøl:  Kos deg i lavvoen og bakkane, uansett underlag.
  • Heio mot Steinen og Austrunden: Flott fotturområde
  • Kvelve / Kattanakken / Stovegolvet og vidare: Vakkert fjellområde med varierande og kupert terreng, heile tida med flott utsikt i alle himmelretningar.  
  • Fossatrappene: Med sin nær 700 trinn, gir lett tilkomst til og frå Heio –  Kvelve. Derfrå, frå toppen av Fossabrekko,  kan du til høgre gå til Kattnakken eller mot  venstre til DNT Stord-Fitjar si flotte turisthytte på Stovegolvet. Begge stadene bringer deg opp over 700 moh.

Fjellet på Stord  er  supert  for  fine  og lange  turar  med  utsikt frå hav til bre i godvêr. Både vår, sommar, haust og vinter!

Kategorier
Ymse