Det er haust og ny ski-vinter er i vente i Stordafjellet. Men ikkje gløym at løypenettet byr på flotte turar ikkje berre på vinterstid.
- Lysløypa v/Fjellstova: Flott tur og joggerunde på vel 4 km
- Lundarstøl: Kos deg i lavvoen og bakkane, uansett underlag.
- Heio mot Steinen og Austrunden: Flott fotturområde
- Kvelve / Kattanakken / Stovegolvet og vidare: Vakkert fjellområde med varierande og kupert terreng, heile tida med flott utsikt i alle himmelretningar.
- Fossatrappene: Med sin nær 700 trinn, gir lett tilkomst til og frå Heio – Kvelve. Derfrå, frå toppen av Fossabrekko, kan du til høgre gå til Kattnakken eller mot venstre til DNT Stord-Fitjar si flotte turisthytte på Stovegolvet. Begge stadene bringer deg opp over 700 moh.
Fjellet på Stord er supert for fine og lange turar med utsikt frå hav til bre i godvêr. Både vår, sommar, haust og vinter!