Lyst til å gå skirenn i vinter?

Å gå skirenn er moro – både for liten og stor. Ein får testa seg mot både store talent og ivrige mosjonistar. Her er det også mykje læring når ein får sjå på nært hald kor fort dei beste går.

Terminlista til Hordaland Skikrets er klar:

Dato Arrangement Øvelsar Arrangør
Lør 19. desSparebankrennetLangrenn friteknikkVoss IL
Lør 2. janRøldalsrennetLangrenn klassiskRøldal IL
Lør 9. janSamnangerrennetLangrenn friteknikkSamnanger IL
Lør 16. janKM FanarennetLangrenn klassiskFana IL
Søn 17. janVikingrennetFriteknikkTIF Viking
Lør 23. janKorlevollrennetFriteknikkIL Korlevoll – Odda
Lør 30. janReservehelg – klubbaktivitet
Lør 6. febUlvikarennet – kveldsrennLangrennskrossUlvik IL
Søn 7. febViljarrennet – Skisportens dagLangrenn klassiskViljar IL
Lør 13. febKM BulkenrennetFriteknikkBulken IL
Søn 14. febKM ØrnarstafettenKFFØrnar IL
Lør 27. febRaundalsrennetTurrenn klassiskMjølfjell Skilag
Søn 28. febVargarrennetLangrenn klassiskVargar IL
Lør 6. marsBjørgumkrossenLangrennskrossBjørgum IL
Lør 13. marsVestlandske SkistemnaSkiathlon (friteknikk – 12 år)Voss IL
Søn 14. marsTorefjellsrennetTurrenn klassisk og friteknikkKvam LSK
Søn 17. aprSkidag heilt på grensaAlleEldar IL

Obs – her kan det komma endringar. Sjekk status hos skikretsen HER.

Kommande turrenn

Om det ikkje freistar med korte og intensive distansar, er det også mange turrenn ein kan melda seg på. Her kan ei målsetting vêra å berre komma seg heilskinna i mål.

Det er mange i Stord Ski som går både korte og lange skirenn – ta kontakt om du ønskjer å vera med (anten via kontaktinfo på heimesida, eller via Facebook).

Dato Renn Lengde
Søn 31. janMarcialonga70 km
Lør 13. febGrenaderløpet90 km
Lør 13. febSjusjøen Skimarathon43 km
Lør 20. febHolmenkollmarsjen52 km
Lør 20. febTrysil Skimaraton42 km
Lør 6. marsHelteRennet43 km
Søn 7. marsVasaloppet90 km
Lør 13. marsHovdenTour42,5 km
Lør 20. marsBirkebeinerrennet53 km
Lør 20. marsNordenskiöldsloppet220 km
Lør 10. aprHaukelirennet32 km
Lør 17. aprSkarverennet37 km

Skirenn på Stord

Om me får skiføre på heimebane, kan det fort henda me arrangerer skiløp på Stord også. Følg med!

Kategorier
Ymse