Løypemaskinen klar for ny sesong

Full service gjennomført på Stord Ski sin preppemaskin.

Denne gongen fekk den trufaste travaren nye batteri, oljeskift og oppsmurning. No manglar berre snøen før me igjen kan nyta «trikkeskinner» i skiløypene på Stord.

Maskinen blei kjøpt inn i 2011 og tek straks fatt på sin 16. sesong på fjellet på Stord.

Sidan den gongen har løypemaskinen vore på jobb i heile 497 timar – på dugnad!

Kor mange timar per sesong ar avhengig av kor mykje snø som kjem, og ikkje minst kor lenge snøen blir liggjande.

Vil du støtta Stord Ski i arbeidet med å laga gode skiløyper? Vipps til: 132587

Kategorier
Ymse