Arego
kw:!support_us

HAUSTDUGNAD I LYSLØYPA 2022

Lysløypa er fullverdig stellt med kantklippar/beitepussar.  Manuell dugnad vert derfor ikkje naudsynt. Hjartans takk til traktor/utstyrseigar på Fjellgardane, også kjent som vår eminente løypekjørar....

Den årlege fellesdugnaden for å gjera LYSLØYPA ved FJELLSTOVA klar for skisesongen samlar skifolket igjen.  Det skal utførast vekkrydding av greiner, buskas, småtre over traséen og lina, grøftekantar og drenering.

Grus vert utkjørt der det trengs mest.

Laurdagane 29. oktober og 5. november er hovuddatoane,

begge dagar frå kl 10.00  til  kl  14.00

Mykje kan gjerast til andre tider. Dei som vil gjera ein innsats utanom nemnde laurdagar kan ringja løypekjørar Bernt Øyvinf Vad,  på tel. 97059 018 og få tildelt oppgåver.  

Også traséane oppover mot Heio og Steinen får ein dugnadsrydderunde. 

Gode reiskapar er motorisert ryddesag, motorsag på teleskopstang, manuell teleskopsag, stor hagesaks, stige, krafse og sjølsagt verneutstyr !