Stord Ski preparerer skiløypene på Stord på dugnad så snart det er nok snø. Til saman har me nærare 20 kilometer med skiløyper på øya!
Me nyttar ein flott, eigenfinansiert løypemaskin. Den krev drivstoff, forsikring, service, vedlikehald og garasje. Alle desse kostnadene betalar skigruppa.
Skigruppa ryddar alle traseane for tre, greiner og andre buskvekster kvar haust. Me køyrer også årleg ut grus på blaute/djupe stader i løypene.
Lysløypa har armatur frå 80-talet. Det er stadig trong for reparasjonar og utskifting. Det er vanskeleg å få tak på gamle deler. Skigruppa har straumabonnement hos Haugaland Kraft, og betaler for at lysløypa har lys sjølv.
Til å dekka alle desse kostnadene treng skigruppa inntekter. Difor har me oppretta ein VIPPS-konto, slik at alle som set pris på å gå i flotte skiløyper kan bidra.
Stord Ski oppmodar alle til å vippsa ein sum, stor eller liten. Alle bidrag går uavkorta til å betra skiløypene i Stordafjellet, frå lysløypa ved Fjellstova til rundane på Heio og til Steinen.
Støtt Stord Ski
Vipps: 132587
Bankkonto: 3520 68 47016