Skiløypene på Stord

Stord Ski preparerer skiløypene på Stord på dugnad så snart det er nok snø. Til saman har me over 15 kilometer med skiløyper på øya!

Lysløypa startar ved skistadion ved Fjellstova og byr på ein variert og lyssett runde på om lag fire kilometer. Hugs å følgja løyperetningen – mot klokka.

Stord ski preparerer også vegen frå Lundarstøl og opp til Heio. Her oppe finn du både Austrunden og rundløypa til Steinen. Her er det ikkje lys.

På Lundarstøl er det flotte akebakkar, gapahuk og ei ubetjent DNT-hytte. Sjå meir info her!

Me nyttar ein flott, eigenfinansiert løypemaskin. Den krev drivstoff, forsikring, service, vedlikehald og garasje. Alle desse kostnadene betalar skigruppa. Støtt gjerne arbeidet vårt med å halda skiløypene på Stord så gode som mogeleg (VIPPS: 132587)!

Me har live-oppdatering på tråkkemaskinen. Sjekk preppestatus på Skisporet. 

Me ber om at fotgjengarar og hundar finn andre turvegar enn lysløypa når det er skispor og preparerte skiløyper. Opplysningar om sporkøyring, løypestatus og renn vert skrive om på Stord Ski si Facebook-side.

Både lysløypetraséen og skitraséane elles vert vedlikehalde på dugnad av skigruppa. Dette er skigruppa forplikta til i avtalen med grunneigarane i Lysløypetraséen. 

Grunneigarane har ein førsterett til bruk av skogsvegen heile året, også når det er kjørt spor. Dette må respekterast av alle. Allemannsretten gjeld i området, men det medfører også plikt til ikkje å påføra naturen nemneverdig skade. 

All rydding, løypedrift og løypekjøring vert utført på dugnad av ivrige skigruppemedlemmer. Det utgjer fleire hundre timar kvart år. Større arbeid som grøfting og drenering vert gjort med innleigte maskinar. Dette medfører store kostnader. Også drivstoff til løypemaskinen og andre driftsutgifter (forsikring, service, reparasjonar) gjer at skigruppa stadig treng inntekter. Støtt gjerne arbeidet vårt med å halda skiløypene på Stord så gode som mogeleg (VIPPS: 132587)!

Slik kjem du deg til løypene

Skiløypene på Stord ligg på fjellet på austsida av øya. Ta av frå E39, anten ved Ådlandsvatnet eller ved Førlandskrysset og følg skiltinga til Fjellgardane. Fra Fjellgardane følger du vegen vidare retning Fjellståvo.

Parkering

Det er tre ulike parkeringsplassar på fjellet. Den første er langs vegen ved skistadion. Her det begrensa plassar.

Vidare kjem du til Fjellstova. Her er det bra med parkeringsplasser.

Det er også fin parkering ved Kaftstasjonen som du kjem til dersom du følger vegen videre forbi Fjellstova.

Vegen opp til Heio er vinterstengt og blir preparert når forholda ligg tilrette for det. Det er kommunens som står for opning og lukking av bommen opp.

OBS! Køyr forsiktig når du skal til fjells. Når vêr og skiføre er bra, blir det tidvis mykje trafikk på smale vegar.

https://maps.app.goo.gl/H3boUJvcAfbcz5WP8