Arego
kw:!support_us

Vipps 132587 til STORDSKI

Vipps:  132587  stordski       Bankkonto  3520 68 47016

Stordski kjører skiløyper på dugnad så snart det er nok snø. Tilsaman er det nær 20 km løyper.  Me nyttar ein flott, eigenfinansiert løypemaskin.  Den krev drivstoff, forsikring, service, vedlikehald og garasje. Alle desse kostnadene betalar skigruppa.  Korkje sponsorar eller Stord kommune bidreg med faste summar.

Skigruppa ryddar alle traseane for tre, greiner og andre buskvekster kvar haust.  Me kjører også årleg litt grus på blaute/djupe stader.

Lysløypa har armatur frå 80-talet. Det er stadig trong for reparasjonar og utskifting. Det er vanskeleg å få tak på gamle deler.  Skigruppa har straumabonnement hos Haugaland Kraft, og BETALAR DETTE SJØLV.

Til å dekka alle desse kostnadene treng skigruppa inntekter.  Derfor har me oppretta ein VIPPS-konto slik at alle som set pris på å gå i flotte skiløyper kan bidra.  Det er sett opp oppslag mange stader langs løypenettet, spesielt ved lysløypa.

Stordski oppmodar alle til å vippsa ein sum, stor eller liten.  Alle bidrag går uavkorta til gode skiløyper i Stordafjellet,  frå lysløypa ved Fjellstova til rundane på Heio og til Steinen.