Arego
kw:!support_us

Tysdagstrimmen: 10.12. siste i 2013

14.10.2013

I år gjekk Tysdagstrimmen frå lysløypa ved Lundarstøl dei åtte første gongene. Sesongopning var tysdag 8. oktober kl 19.00. Kvar tysdag fram til 10. desember kunne du delta. Dei to siste gongene var me attende på Vabakkjen.

Dei tre siste Tysdagstrimmane hadde stigning i programmet.  Det var bål, småpremiar, gåvekort og kjendisbesøk, pluss ei større premieutdeling etter siste trimmen, 10. desember

Langløypa (litt under 5 km) : Tur/retur  bommen før undergang ved Litlabøkrysset. Kortløypa er ca 2 km, med vendepunkt midt på Landåsvatnet.

Resultata har vore på trykk i Sunnhordland etter kvart løp.

Startkontingent: var i år som i alle år: kr 20 for vaksne og kr 10 for born.

Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme har vore klar med blokker og klokker.  Per Steinar fører statistikken. Me kjem attende med meir frå den.   

Sesongslutt var tysdag 10. desember.  Premieringa etter løpa i år viste at Steinar Slettemark har nådd 100 gonger og Odd Stuve Rommetveit 50. Omlag 10 personar har vore med alle gongene i år, og fekk premie for det. Ymse gåvepremiar vart gjeve til dei fleste av dei frammøtte. 

Deltaking 2013:

1.  Tysdag    8. oktober:  37  deltakarar, vått underlag, men opplett.

2.  Tysdag  15. oktober:  43 deltakarar,  i  flott haustver.

3.  Tysdag  22. oktober;  36 deltakarar, regn og bløtt 

4.  Tysdag  29. oktober:  41 deltakarar, opphald, men vått

5.  Tysdag  5. november: 36 deltakarar, vått, regn og glatt

6.  Tysdag  12. november:32 deltakarar, starten i hagleskur med

      lyn og torden, returen i opphaldsvêr. Og førstemann under                         

      24 minutt i  langløypa: Øystein Pedersen!

7.  Tysdag  19. november:16 deltakarar,  i snøføre, 3-4 cm våt snø,  i to

      minusgrader. Første snøfallet haldt nok mange heime denne kvelden.

8.  Tysdag  26. november: 18 deltakarar i mildt duskregn. Småpremiar utdelt;

     clementiner og kakemenn !

9.  Tysdag   3.  desember:  33 deltakarar, som alle fekk gløgg og banan ved

      målpassering.

10. Tysdag 10. desember: FINALE, med ca 30 deltakarar i opphaldsvêr. Alle

      fekk solbærtoddy og clementiner. 

VELKOMNE  ATTENDE  TIL  TYSDAGSTRIM  2014. !