Arego
kw:!support_us

Stordski til Frankrike

Stordski reiser Europa rundt: Le Transjurassienne er neste: Går du inn på deltakarlista på denne linken

http://www.transjurassienne.com/les-courses/la-transjurassienne-1-288.htm

kan du finna Åsmund Hellesøy. Rett nok er all informasjon på fransk, ettersom engelsversjonen "ne peut pas être trouvée"  (ikkje kunne finnast)

Rosendølen stiller for Stord og  er vidfaren når det gjeld internasjonale turrenn; denne gong dreg han til Frankrike for å gå 68 km fristil laurdag 14. februar, ei veke før han fyller 43. Imponerande ! Han nærmar seg 10 internasjonale langløp, noko som vil gi han ei særmerkt internasjonal utmerking.  

God tur til Åsmund !

Seinare i sesongen finn me Stordski både i Sverige og Sveits.

Dessverre for Åsmund så vart rennet avlyst. Avgjersla kom etter at vermeldingane ikkje kunne lova anna enn mildver og snøbløyte.