Arego
kw:!support_us

Skirenn på Voss og i Sauda med deltaking frå Stord ski

17.01.2015

Stord ski har hatt løparar på start i fleire skirenn i dag.(17.01.15)

I Sauda gjekk første dag i Saudasprinten. Her deltok Jonas E. Vørøs, Kjell-Inge Engevik og Ole Kvellestad. Rapporten frå Jonas Vørøs seier at det var krevjande smøreforhold (0-føre) og at det vart mykje staking.

På Voss vart det arrangert karusellrenn i regi av Vargar. Rennet gjekk i Herresåsen. Dei yngste gjekk i løypene på stadion og dei eldste gjekk runden i Djupåsen.

I morgon vert det skirenn i Kvinnherad (Fjellhaugen) og parkstafetten på Voss, begge med deltaking frå Stord ski.

Her er resulatata frå dagens renn:

 

Saudasprinten dag 1 (klassisk):

 

Jonas E. Vørøs  G14  3 km  tid: 11:19 (nr. 5)

Ole Kvellestad G15 5 km tid:20:48 (nr. 5)

M senior

Kjell-Inge Engevik 10 km tid: 36:37 (nr.14)

 

Karusellrenn Voss (Herresåsen) fristil:

 

Sigrid S. Berg J6  1 km tid:11:42

Eirik S. Berg G8 1 km tid:09:32

Håkon S. Berg G11 2 km tid: 5:58 (nr. 1)

M senior

Øyvind G. Berg 5 km tid: 14:51 (nr.2)