Meny
SKIBOKTREKNING 2015
26.04.2015
|Odd Stuve Rommetveit
INNSKRIVINGSBOKA I LYSLØYPEPOSTKASSEN vart inndratt 15. april, etter å ha lege ute sidan 1. desember 2014. Omlag 700 skigåarar har notert namnet sitt denne sesongen. Det er langt fleire enn førre sesong, men færre enn sesongen 12/13. Me veit at ivrige skiløparar aldri noterer seg, samstundes som nokre namn går igjen fleire gonger. Likevel gjenspeglar talet på 700 at 14/15 var ein sesong på det jamne. Skigruppa har på det meste notert langt over 2000 namn på ein sesong.
Tre vinnarar vart trekte på skistyremøtet 20. april ! Dei vil bli kontakta i veke 18, og få sitt velfortente gåvekort. Det var: Margareth U Gram, Anne GB Bjelland og Hallgeir Halland.
SKIGRUPPA GRATULERER !