Arego
kw:!support_us

Mosvatnet rundt - Suldal

10.03.2014

Frå Suldal IL si heimeside har me saksa:

Resultater Mosvatnet rundt 2014

DSC_0099Mosvatnet rundt vart i år ei fin og variert løype i Breiastølsdalen. 53 startande i tidtakingsklassane og ein god gjeng med trimmera fikk seg ein fin skitur utan dei store konfliktane med vinterferiegjestane. Dei yngste (12-15 år) gjekk 10 km mens dei litt eldre måtte ut på 21 km. Kristin Hetleseter Hjelmeland IL vant dameklassen og har no 2 napp i vandrepokalen, mens Vebjørn Nerheim Suldal IL vant herreklassen og fikk sitt første napp i vandrepokalen for herrer.

Resultatlista finn du her   eller på Suldal Il si heimeside eller langrenn.com

For eiga rekning legg me til; Øystein Eide Eskeland var einsleg stordabu i 2014.

2. mars tok han turen til Suldal, og gjekk rennet han så mange gonger før har gått.  I år med 2.plass i MV66-70 på tida 1.32.47,  omlag 2 minutt bak vinnaren frå Ny Von IL.