Arego
kw:!support_us

LYSLØYPA ved LUNDARSTØL

20.11.2015

Lyset i Lysløypa vert tent med fotocelle kvar dag, og vert sløkt kl 23.00

Rundløypa frå parkeringsplassen før Fjellstova er eit flott alternativ til dei andre lysløypene i Landåsen og på Litlabø ved Hustrudalen og i Rødkleiv.

Traseen ved Lundarstøl vart i oktober  - på dugnad -  rydda for buskas og anna rusk. Dette for å kunna kjøra løyper så snart det kjem ein liten snødett. Skigruppa har fem personar som har fått opplæring i løypekjøring.

Så spørs det kor tid første kjøring skjer i år. Kjøring i november har forekomme fleire gonger. Rekorden er 18.november. Dei siste fem åra har talet på løypedagar i Lysløypa variert mykje;  frå over tre månader ned til berre knapt ei veke.