Arego
kw:!support_us

Jizerska Padesatka 2015 i Tsjekkia med Stordløpar

11.01.2015

Veteranen på 42 stilte i 50-årsklassen saman med 1165 andre skiløparar.  Med plasseringsnr. 135 må me berre GRATULERA med ein kjempeflott prestasjon !

Åsmund har i mange år vore med i fleire langløp verda over, meir enn nokon av dei andre veteranane frå Stord. Med jobb og familie på Stord, er det naturllg at Åsmund dei siste åra har stilt for Stord.

CEZ Jizerska Padesatka  er eit langløp som i år gjekk for 48. gong.  Det er omlag 50 km, men var i år nedkorta med 4 km  grunna snømangel.  Det går i Tsekkia, og som mange andre store langløp inngår det i ei utvida helg med ulike tilbod, m.o.t løypelengder, klassar, stafettar m.m.

Åsmund har sjølv bidratt med dette reisebrevet: (kjem også bilete snart)

Reisebrev frå turrennet Jizerska i Tsjekkia

 

14. januar 2015

Jizerska er eit 50km turrenn nord i Tsjekkia nær VM-byen Liberec (2009). Eg planla å reisa til dette

rennet allereie tidleg i 2013. Sidan 2014-utgåva vart kansellert har eg hatt god tid til å gleda meg

fram til rennet som vart gjennomført søndag 11. januar 2015.

Reisa var enkel og grei med fly Stavanger-

Frankfurt-Praha, og leigebil nordover mot

Liberec litt over 1 times køyring frå Praha.

Start/mål ligg i bygda Bedrichov, ei knapp mil

køyring opp i høgda nord for Liberec, og det

var godt arrangert med bussar til/frå

start/mål. Det var veldig god logistikk i alle

ledd, så alt av praktisk karakter «gjekk på

skinner», og det var kjekt å vera deltakar.

Anbefalast! :-)

 

Bilete frå rusle-ski-tur dagen før rennet

I år var det kome nok snø i god tid, men dagen før rennet slo det inn eit ekstremt mildvær med

12-14 plussgrader. Det var fulle bekkar som fossa av smeltevatn. Gjennom natta stupte

temperaturen til -4 og alt fraus til fram mot start. Heldigvis var mestaparten av traseen godt

drenert slik at minst 95% av løypa var heilt OK forhold med klister føre, men enkelte stader (der

dei sleit med dreneringa) gjekk vi over korte 10-20 meter parti med klaka is. Ei 5km sløyfe måtte

kuttast heilt grunna store parti med frose overvatn, så rennet vart 45km i år. I all hovudsak var det

fine forhold gjennom 45km traseen, og is-utfordringane var berre korte punkt her og der som ein

raskt staka eller glei over. Angåande smørjing var dei fleste anbefalingane is-klister i botn, så eit lag

lilla-klister, men universal-sølv-klister på toppen. Eg følgde Swix si anbefaling og hadde gode ski

heile vegen.

Rennet minnar mykje om Birkebeinerrennet, men alt i litt mindre skala. Litt kortar, litt mindre

høgdemeter, litt mindre folk, litt smalare trasse, og utan sekk. Mykje flotte diagonalgangs-parti.

Var mykje blide folk, og liv og røre av ymse slag på matstasjonane.

Det var artig å gå rundt med Stord-drakta før og etter rennet. Det kom mange kommentarar frå

lokale folk: «Ahh, stordski.no, Norwegen Norwegen. Wilkommen! Sprechen sie Deutch.....?»

Det verka som alle kunne litt Engelsk, men helst ville snakka Tysk. Veldig mykje hyggjelege folk.

Før start. Fin spenning i lufta….. Prepareringsmaskina tilbake etter dyst

Det er sjølvsagt fult mogleg å legga inn overnatting i Praha før eller etter rennet for å få med seg

litt av den berømte historiske byen.

Målseglet

Stor stemning i mat-teltet etter målgang. Vi fekk ein FANTASTISK god middag. Anar ikkje kva det

heiter, men nydeleg mat!

Viktig: Dette er ikkje Energi Gel, men TIGERBALSAM. Fann det ut akkurat i tide!!! He he…..

 

:-)

Konklusjon etter Jizerska: Kjempeflott arrangement. Flott renn i nydeleg natur. Absolut verdt

turen, og ikkje så alt for langt å reisa.

Mvh,

Åsmund Hellesøy

 

 

Les alt om arrangementet på:

http://www.jiz50.cz/

To je on, posledni borec! Uz jste vsichni v cili! Dekujeme, byli jste skveli. Tak za rok na Jizerske 50!