Arego
kw:!support_us

HOLMENKOLLMARSJEN 2015

08.02.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Heile seks skiløparar representerte Stord under  den 54 km lange klassiske Holmenkollmarsjen 2015 i Oslo laurdag 7. februar. 

Det kjekkaste nye var at Hilde Åkra frå Stord, som no bur i Oslo, representerte Stord, og oppnådde ein kjempeflott 7. plass (av 60)  i K30-34 med tida 3.37.46.   Me gratulerer ! Kjempekjekt !  

Stian Engevik deltok for 3 gong, og fekk på ny ei flott tid med god plassering;  nr 7 av 390 i M40-44 på 2.55.24 !  Han var svært nøgd med den prestasjonen. I samme klassen fekk Øyvind G. Berg tida 3.24.53 / 92.plass.  Nøgd han også !

Kjell Magnar Helland i M 55-59 vart nr 65 av 222 med tida 3.49.14. Flott prestasjon !

Paret Breistein/Byrkjeland valde kortløypa på 25  km, og fru Velaug slo med tida 3.00.56 sin kjære Frank med eitt sekund.

Stordski  er imponert og seier vel blåst.  Over 3200 fullførte rennet.