Arego
kw:!support_us

HJARTEBANK 2015

11.03.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Hjartebank  STORD OG BØMLO,  Sparebanken Vest si  milliongåve til lokale organisasjonar   enda opp med kr 175000 til Stord Idrettslag.  Summen skal fordelast på tre prosjekt / grupper,  herunder  skigruppa.   Eit ekstra nummer av SKINYTT vart sendt like etter tildelinga onsdag 11. mars.  Det var slik:

Hei gode skivener !


 SKINYTT  NR. 4 - 2015        11. MARS 2015
Her er SKINYTT nr. 4  2015.  Det inneheld ei rykande fersk  GLADMELDING !
Sparebanken sitt prosjekt  HJARTEBANK  for  STORD  OG  BØMLO  2015 vart fullført onsdag  kveld.  Ein fullsett  Arena fekk  oppleva  Heine Totland og Gisle Børge Styve  si entusiastiske leiing av  millionutdelinga til banken.  
Stord Idrettslag  fekk  tildelt  heile  kr  175 000   Tre prosjekt / grupper i idrettslaget  skal dela denne summen.   Skigruppa  er ei av desse  ! 


Skigruppa og heile skimiljøet på Stord  rettar  ei stor takk til Sparebanken Vest,  fem-mannsjuryen som har vurdert og funne idrettslaget - herunder skigruppa, verdig til  å ta imot  desse pengane.   Tusen  TAKK !


Og sjølvsagt takk til alle som gjer ein innsats for skiidretten på Stord.  Utan denne innsatsen ville ikkje skigruppa vore ein verdig mottakar av  HJARTEBANK-midlane.

SKINYTT hadde her eit bilete av  leiaren i Stord Idrettslag, Magne Jostein Mikkelson, og leiaren i skigruppa, Odd Stuve Rommetveit,  som begge stolt viste fram sjekk, diplom og blomebukett.


Fleire andre organisasjonar vart også tildelt pengar,  med jamn fordeling mellom Bømlo, Fitjar og Stord.   Utdelinga inngjekk i ein konsert med fleire flotte artistar, applaudert av nær 400 frammøtte.  Ein stor kveld !