Arego
kw:!support_us

Helterennet 2014 på Rauland - nesten ein Stordmeisterskap !

30.01.2014

Helterennet 2014 går laurdag 1. februar på Rauland.  Stord har med 16 deltakarar. Det vert jo nesten ein stordmeisterskap! Svært bra ! Spesielt flott at nokre nye prøver seg på langløp !

Rennet er 42 km i klassisk, med kortare alternativ, som t.d. Halvhelten og Ungdomshelten. Rennet er også seedingrenn for Birkebeinerrennet.

Me ynskjer god tur til skigruppemedlemmene Andreas S Arne, Kjell Inge Engevik, Øystein E. Eskeland, Runar Eskeland, Jarle Haugland, Anne Grete og Magnar Hillesdal, Hallgeir Matre, Øystein Nygård, Bernt Øyvind Vad og Jonas Engevik Vørøs (Ungdomshelten) !

Elles reiser John T Almås, Henrik Ottesen Johannes Njøsen (Halvhelten) og Alexander Horneland, alle med adresse Stord, også til Rauland. God tur til dei også !

Me ventar på resultat og reisebrev.  Sjå elles telemarkhelten.no

REISEBREV  OG  RESULTAT   v/Kjell Inge Engevik

Heile 16 skiløparar fra Stord hadde laurdag tatt turen til Rauland for å delta på Helterennet.

Under årets renn gjorde vergudane sitt beste for å gi dei 1400 deltakarane skikkeleg motstand.

Med temperaturar ned mot 12 minus, sterk vind og snøfokk, fekk Stordgjengen oppleve at naturen på vidda kan vera både spektakuler og majestetisk.

Men kampen mot vergudane gjennom 42 seige kilometer var ikkje nok til å ta skigleda frå snøfattige stordingar, og det var ein nøgd, men sliten gjeng som kunne gjera opp status etter målgang.

Jarle Haugland vart raskast av stordingane, med tida 2.48.25. Dette gav han ein sterk 6. plass i klasse 35-39 år. Me må òg få trekke fram Magnar Hillesdal som hadde ein særs god dag, og gjekk inn til ein imponerande 2. plass i klasse 50-59 med tida 3.02.22.

Imponerte gjorde også Jonas Engevik Vørøs som stilte til start på ungdomshelten, som er for løparar mellom 13 og 15 år.

Tøffingen frå Fjellgardane fullførte dei 14 kilometarane på 1.03.59 under dei krevjande verforholda.

Dette skulle visa seg å halde til ein flott tredje plass i klasse G-13. Dette føyer seg dermed inn i rekka av fleire gode prestasjonar frå Stord sine ungdomsløparar denne vinteren, som må seiast å vera eit resultat av det gode treningsmiljøet ein her har fått fram.

Her er sluttidene til skiløparane frå Stord:

UNGOMSHELTEN 14 km:

Jonas Engevik Vørøs      1.03.59

HALVHELTEN 25km:

Johannes Njøsen            2.10.19

HELTERENNET 42km:

Jarle Haugland               2.48.25

Kjell Inge Engevik           2.58.15

Magnar Hillesdal             3.02.22

Bernt Øyvind Vad           3.22.05

John Tislevoll Almås      3.26.49

Hallgeir Matre                 3.33.23

Anders Raunholm          3.36.21

Runar Eskeland             3.40.33

Øystein Eide Eskeland   3.41.26

Alexander Horneland   3.47.03

Henrik Ottesen               3.53.06

Andreas Arne                 4.17.47

Anne Grete Hillesdal      4.59.00

Øystein Nygård               (brote)               

Komplette resultat:  sjå  langrenn.com  helterennet