Arego
kw:!support_us

Birkebeineren, Hovden og Vestlandske

19.03.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Birkebeinerrennet 2015 går laurdag 21. mars.  Heile 13 stiller for Stord. Blant dei både debutantar og veteranar. To går for 15. gong.  Det spørs om Stord-rekorden for menn, på 2.52 vert slått. Rekordhaldar Stian E stiller, så føret vert nok  avgjerande. Skal me tru på 2.50 ? 

Stordrekorden for damer står heilt sikkert for fall. (veit nokon kva den er?)  Stordjenta, no austlandsbuande, Hilde Åkra har satsa på langrenn, og er god for ei tid under 4 timar på godt føre.   Trur med på 3. 49?

Stordski ynskjer alle 13 god tur over fjellet frå Rena til Lillehammer !

Me ynskjer også god tur til vår veteran, som går Fredagsbirken, og har med seg ein junior !  

 

Vestlandske Skistemna vert arrangert i Herresåsen på Voss søndag 22. mars. Frå Stord reiser ein liten gjeng under leiing av Kjell-Inge Engevik. Skistemna er siste renn i krinscupen for Hordaland. Cupinformasjon finnest på oppdatert samanlagtliste i kretscupen  

Renninformasjon elles finnest på  http://www.skiforbundet.no/hordaland/  

RAPPORT  OG  RESULTAT;

STORD-SUKSESS I  BIRKEN.

Suveren ny damerekord for Stord.  Hilde Åkra slo til med tida 3.32.25. Laaangt under merkekravet !   KJEMPEFLOTT !  All grunn til å vera nøgd !   Debutanten Skjæveland i samme klasse kom inn på 6.04.41.

Blant herrane klarte 6 av 10 kravet. Det vitnar om kvalitet.  Best tid, ikkje uventa, hadde Stian Engevik med 2.55,14.  Kunne hatt 7-8 minuttar betre tid om ikkje eine staven knakk.  Ergerleg med stor E, i følge han sjølv !

Merkekarane: Jarle Haugland 3.15,31    Øyvind Gaute Berg 3.27,21               Åsmund Hellesøy 3.34,49   Bernt Øyvind Vad  3.36,42  og                        Øystein Eide Eskeland 4.20,18

Tider elles;  Andreas S Arne 4.06,41   Bjørn Ekse  4.56,29  Kjell Magnar Helland  3.47,13

I Fredagsbirken gjekk Dag Kjetil Lægreid  på 4.30,41 og 16-åringen Asbjørn Lægreid debuterte på 5.44,20

Stordski er imponert,  glad og beundrande for ein kjempegjeng sin flotte innsats !

HOVDEN  TOUR:

Sigurd Sandvold imponerte med ein flott 11. plass av 63 i Kl M 40-44, med tida 2.51,38 i klassiskrennet over 42,5 km på Hovden laurdag 21. mars.

 

Vestlandske Skistemna, Herresåsen, Voss: (22.3)

Dette var siste renn i krinscupen for dei yngre. Det var fyldig deltaking frå heile fylket.

 

To unge frå Stord deltok:

G11        2 km                      Håkon S. Berg                 nr   6        6,21

G 14       2+2 km (skibyte) Jonas Engevik Vørøs      nr 12      12,19