Arego
kw:!support_us

Årsmøte i skigruppa 2014 - vel gjennomført !

14.01.2014

Årsmøte i skigruppa vert  17. februar kl 19.00 i kantina til Podlen Verkstad, Hatlandsmyro 7 Heiane.

Det vert vanlege årsmøtesaker, med årsmelding, rekneskap og val, pluss gjennomgang av mål- og styringsplan for 2014-2015

Enkel servering !

Etter møtet: 

Attval på leiar og to styremedlemmer, medan Solbjørg Birkeland Olsen og Kjell Inge Engevik er nye i styret. Sjå komplett styreoversikt i meny; kontakt oss

Årsmelding, rekneskap og budsjett vart godkjent. Etter møtet var det ein del skiprat om planar, jubileum, utmerkingar og investeringar,  bl.a. i tredemølle for rulleski !.

Referat: 

STORD IL   SKIGRUPPA                                                        Side 1 av 2

REFERAT ÅRSMØTE 17. februar 2014, Podlen Verkstad, kl. 1900.

Saker:

1.         Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under protokollen frå møtet.

Leiar, Odd Stuve Rommetveit, vart valt til ordstyrar og Øyvind Gaute Berg vart valt til møtereferent.

Solbjørg Birkeland Olsen og Audvald Kvamme vart valt til å stadfesta referatet frå årsmøtet.

  1. Godkjenna årsmøteinnkalling og dagsorden.

Det kom ingen merknader til årsmøteinnkalling og dagsorden, som er sendt alle medlemmer på førehand. Årsmøteinnkalling og dagsorden vart dermed godkjent.

3.         Årsmelding

Leiar, Odd Stuve Rommetveit, gjekk gjennom årsmeldinga utarbeidd av styret. Utover mindre tillegg i relasjon til punktet om deltaking i skirenn sesongen 2013, vart årsmeldinga godkjent av årsmøtet utan ytterlegare merknad.

4.         Rekneskap

Leiar (og kasserar), Odd Stuve Rommetveit, gjekk gjennom ferdigstilt rekneskap per 31.12.2013.

Rekneskapen syner eit overskot etter ekstraordinære inntekter stort kr 14 459,-. Driftsresultat er kr 8 882,-.

Rekneskapen vart godkjent utan merknader.

5.         Innkomne forslag.

Det var ingen innkomne forslag utover det som gjekk fram av innkalling og dagsorden, jf. punkt 2 over.

  1. Budsjett 2014.

Leiar, Odd Stuve Rommetveit, gjekk gjennom budsjett utarbeidd av styret for 2014.

Budsjettet vart godkjent utan merknad.

 

 

STORD IL   SKIGRUPPA REFERAT ÅRSMØTE 17. februar 2014 Side 2 av 2

  1. Fastsetjing av treningskontingent.

Årsmøtet vedtok styret sitt forslag om auke i treningskontingent frå kr 200 til kr 250 med verknad frå 2014.

Pris for familiemedlemmer utover første medlem vert som tidlegare, det vil seie kr 100 per ekstra medlem.

  1. Val av gruppestyre

Audvald Kvamme frå valnemnda gjorde greie for valnemnda si innstilling, slik:

Leiar:

Odd Stuve Rommetveit         1 år (attval)

Kasserar:

Odd Stuve Rommetveit         2 år (attval)

Styremedlemmer:

Øyvind Gaute Berg                2 år (attval)

Solbjørg Birkeland Olsen       2 år (ny)

Erling Tyse                             2 år (attval)

Kjell Inge Engevik                   1 år (ny)

Sigurd Sandvold                     1 år att (ikkje på val)

Bernt Øyvind Vad                   1 år att (ikkje på val)

Varamedlem:

Lars Åge Førland                   2 år (ny)

Årsmøtet tok til valnemnda si innstilling til følgje gjennom val.

Det nye styret er i samsvar med valnemnde si innstilling over.      

  1. Valnemnd

Årsmøtet vedtok at Audvald Kvamme og Atle Bjørn Mæhle held fram som medlemmer i valkomiteen fram til neste årsmøte i 2015.

Fleire saker var ikkje til handsaming og møtet vart heva kl. 2020.

Øyvind Gaute Berg, møtereferent.

Godkjent referat: ______________________________________________________

Solbjørg B Olsen sign.                   Audvald Kvamme sign.