Arego
kw:!support_us

HAUSTDUGNAD I LYSLØYPA 2020

Den årlege dugnaden for å gjera LYSLØYPA ved FJELLSTOVA klar for skisesongen samlar skifolket igjen.  Det skal utførast rydding av greiner, buskas, småtre over traséen og lina, grøftekantar og drenering.

Grus vert utkjørt det det trengs mest.

Laurdagane 24. og 31. oktober er hovuddatoane, begge dagar frå kl 10.00.

Mykje kan gjerast til andre tider. Dei som vil gjera ein innsats utanom nemnde laurdagar kan ringja skileiaren,  Kjell Inge Engevik,  på tel. 454 93 356 og få tildelt oppgåver.  

Også traséane oppover mot Heio og Steinen får ein dugnadsrydderunde.