Arego
kw:!support_us

HAUSTDUGNAD I LYSLØYPA 2019

2.11.19:  VELLUKKA  DUGNAD MED  FÅ, MEN FLINKE  DUGNADISTAR

Lysløypa og Traseane på Heio er kvista og rydda.  Maskinen ordna  løypeskuldrene og myrane, pluss Lundarstøl.  BRAAA !! 

Den årlege dugnaden for å gjera LYSLØYPA klar for skisesongen samlar skifolket igjen.  Det vert utført rydding av greiner, buskas, småtre over traséen og lina, grøftekantar og drenering.

Grus vert utkjørt det det trengs mest.

Laurdagane 26. oktober og 2. november er hovuddatoane, begge dagar kl 10.00.

Mykje kan gjerast til andre tider. Dei som vil gjera ein innsats utanom nemnde laurdagar kan ringja skileiaren på tel. 90163598 og få tildelt oppgåver.  

Også traséane oppover mot Heio og Steinen får ein dugnadsrydderunde.