Arego
kw:!support_us

DUGNAD I SKITRASEANE

DUGNAD i skitraseane: 

Løyper og trasear i Prestagardsskogen, Lysløypa, Lundarstøl og Heio treng stell og vedlikehald. Det vert gjort til ulike tider gjennom året.

For 2017 vedtok styret at laurdagane 4. og 11. november skulle Lysløypa ved Fjellstova få sitt  hauststell.  

Innkalling til dugnaden vart sendt pr. e-post og elles vart det gjort avtalar med einskildpersonar om særoppgåver, bl.a. tustefjerning på Heio og gruskjøring i hjulspora etter eika etter 1 km-merket. 

Det var også i år så god oppslutnad at me kan vera nøgde, og me ventar no med spenning på snøen.