Arego
kw:!support_us

10.3: HELTERENNET og 11.3: KONGESTAFETT i Oslo

Helterennet har svinga seg opp som eit årleg, velrenommert renn. Det er ulike løypelengder, familievenleg, ope for alle klassar, og går i eit flott terreng.  I år er 7 frå Stordski førehandspåmeldt. Dei finn du her: /Helterennet-2018/

Rennet inngår i ein trippel, der du delta i løps- og sykkelarrangement.

Rapport:   Mange kjempegode plasseringar og tider for Stordski-utøvarane,  til og med tre pallplassar. Flott ver, men litt kaldt i det 42 km lange  klassiskrennet.

Jonas E Vørøs er tilbake for fullt, med flott plassering i (G17) Nr. 3 av 94 i Halvhelten !!  Håkon S Berg  smelte til med ein flott 5.p lass i Ungdomshelten på 15 km. Kjempeflott av begge ungdommane våre der.   Øyvind G Berg også med god tid og flott plassering, etter å ha staka heile rennet. Sjå dei andre Stord-resultata:

helterennet-stord

Kong Haralds Ungdomsstafett gjekk i Holmenkollen søndag 11.3.  Simen Engevik frå Stord deltok på Hordaland sitt 2. lag i denne konkurransen mellom kretslag frå heile Noreg.   Dei vart nr 20 av i alt 28 kretslag, omlag 3.30  min bak vinnarlaget, Akershus sitt 1.lag. 

Laga bestod av 2 x J15 og 2 x G16. Simen hadde 9. beste etappetid på sin G16-etappe. Alle etappane var på 3,5 km friteknikk.

/ungdomsstafetten-holmenkollen-totalt-2018.pdf